Operasjonssjukepleiar
Kirurgisk serviceklinikk/ KSK operasjon Glasblokkene, Helse Bergen HF
- Frist 1.6.2026
- Ansettelsesform Fast
Kirurgisk serviceklinikk (KSK) er den største somatiske klinikken i føretaket, med om lag 1100 årsverk. Våre tilsette har brei kunnskap og kompetanse innan fleire fagfelt, og KSK yter tenester til pasientgrupper ved dei fleste avdelingar og klinikkar i føretaket.
Vi har no ledig 100% fast stilling som operasjonssjukepleiar ved Operasjon Glasblokkene.
Om seksjonen:
Operasjon Glasblokkene gir tenester til Kvinneklinikken innan gynekologi og obstetrikk, samt til kirurgisk klinikk og hovud- og halsklinikken. Glasblokkene opna hausten 2023 og tilbyr topp moderne lokale som gir ein unik arbeidsplass.
Seksjonen driftar dagleg elektive operasjonsstover, samtidig som vi har høg ØH-beredskap for kvinneklinikken, med eige team på kvar vakt. Vi er også ein del av robotkirurgiteamet og bemannar robot ved Kvinneklinikken fleire dagar i veka.
Arbeidsoppgåver
- Operasjonssjukepleie i elektiv og akutt verksemd
- Delta i ØH-beredskap
- Bidra til fagleg utvikling og pasientsikkerheit
- Samarbeid i tverrfaglege team
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar med vidareutdanning i operasjonssjukepleie
- Relevant erfaring er ein fordel
- Gode samarbeidsevner og fagleg engasjement
- Evne til å arbeide strukturert og sjølvstendig
Personlege eigenskapar
- Du er fagleg engasjert og har interesse for utvikling innan operasjonssjukepleie
- Du arbeider strukturert og beheld roen i hektiske situasjonar
- Du har gode samarbeidsevner og bidrar til eit positivt arbeidsmiljø
- Du er fleksibel og tilpassar deg raskt endringar i arbeidskvardagen
- Du tar ansvar og arbeider sjølvstendig
- Du har fokus på kvalitet og pasientsikkerheit
Vi tilbyr
- Ein spennande arbeidsplass med dyktige medarbeidarar
- Sterkt fokus på pasientsikkerheit og fagleg utvikling
- Moderne fasilitetar i nye Glasblokkene
- Aktiv vaktordning og tredelt turnus eller dagtidsstilling 37,5 utan vakter
- Per i dag 12,25 timars vakter laurdag og søndag (etter avtale med tillitsvalde)
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Marie Terkelsen, Seksjonsleiar, 90094364Arbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5114061081
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.06.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 463343539
- Sist endret


