Miljøveileder
Møre og Romsdal fylkeskommune, Borgund vgs
- Frist 24.5.2026
- Ansettelsesform Fast
Vi har ledig stilling som miljørettleiar ved Borgund vidaregåande skole.
Miljørettleiar har som hovudoppgåve å arbeide for at alle elevar skal trivast og finne seg til rette på Borgund. Miljørettleiar skal vere syneleg i skulemiljøet, og vere der elevane oppheld seg. Miljørettleiarane (vi har to frå før) vil vere ein del av elevtenesta, og samarbeider tett om både forebyggande og aktive tiltak rundt enkeltelevar/ elevgrupper.
Ein miljørettleiar fylgjer skuleåret til elevane, og full stilling vil utgjere i 89%.
Arbeidsoppgåver
Oppretthalde eit trygt miljø for elevane i skulen sine fellesareal.
Vere tilgjengelig for elevane.
Systematisk miljøarbeid for å fremme mestring og trivsel for alle elevane våre.
Arbeide med forebygging og oppfølging av bekymringsfullt skolefravær.
Bygge gode relasjonar mellom elevar og skulen.
Samarbeide med interne og eksterne aktørar kring elevar som treng dette.
Planlegge og gjennomføre tilbod til elevar etter skoletid ein gong i veka, og andre arrangement som kan bidra til trivsel og god stemning i skolen sine fellesområder.
Kvalifikasjonar
Vi treng ein person som har:
Erfaring frå arbeid med ungdom.
Relevant arbeidserfaring knytt til arbeidsoppgåvene.
3-årig høgskoleutdanning/ bachelorgrad. (sosialfagleg, helsefagleg, politi eller pedagogisk utdanning.)
Personlege eigenskapar
Vi søker deg som:Likar å arbeide med, og som trivast saman med ungdom.
Er venleg, tålmodig, utadvendt -og har godt humør!
Er og vaksen og framstår robust i utfordrande situasjonar.
Du må vere god til å løyse konfliktar.
Det er viktig å kunne både jobbe sjølstendig og samarbeide godt med andre for å finne gode løysingar.
Personlege eigenskapar er viktige, og vert vektlagt ved tilsetjing.
Vi tilbyr
Du får jobbe i verdens beste elevteneste, og blir ein del av eit stort og flott kollegie!Gode pensjons- og forsikringsordningar.
Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande avtalar.
Kontaktinformasjon
Roger Fylling, rektor, +47 93441678Jørgen Ljoså, Ass.rektor/Saksbehandler, 92862930
Arbeidsstad
Yrkesskolevegen 206011 ÅLESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommuneReferansenr.: 5108718850
Stillingsprosent: 89%
Fast
Søknadsfrist: 24.05.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 463342060
- Sist endret


