Undervisningsstilling - vikariat i 100%
Tysnes kommune
- Frist 26.5.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Vil du bidra i eit profesjonsfelleskap der me jobbar saman for eit trygt og godt skulemiljø, og er opptekne av læring og utvikling for alle? Då treng me deg på laget vårt!
Tysnes kommune har tre skular og vaksenopplæring:
Uggdal skule: 1. til 4. trinn med om lag 120 elevar
Onarheim skule: 1. til 7. trinn med omlag 30 elevar
Tysnes skule: 5. til 10. trinn med om lag 200 elevar inkl. vaksenopplæring
Fokusområda i skulane våre er inkluderande praksis med fokus på verdiar. Me jobbar heile tida med å skapa gode relasjonar til elevane ved å sikra eit trygt læringsmiljø, der me legg vekt på å fremja helse, trivsel og læring. Skulane har som mål at alle elevane er del av eit lærande og inkluderande fellesskap.
Me har to ledige årsvikariat for skuleåret 2026/27 på Onarheim og Uggdal skule. Me søkjer både deg som er utdanna allmennelærar eller har grunnskuleutdanning 1.-7. Du må gjerne ha erfaring eller vere nyutdanna.
Du må pårekna kontaktlæraransvar i stillingane.
I CV-en ber me om at du spesifiserer kva fag du har undervisningskompetanse i, og kor mange studiepoeng du har i kvart fag. Tal på stillingar og stillingsstorleik kan avvika noko frå lysinga
Aktuelle kandidatar vil bli kontakta fortløpande for gjennomføring av intervju.
Arbeidsoppgåver
- Planlegga og gjennomføra tilpassa undervisning for elevgrupper, blant anna begynnaropplæring.
- Bidra til å ivareta eleven sitt trygge og gode skulemiljø.
- Motivera elevar gjennom god vurderingspraksis.
- Planlegging, gjennomføring og tilrettelegging for inkluderande praksis.
- Delta i profesjonsfellesskapet med medskapande innhald.
- Ivareta eit godt samarbeid mellom lærar, fagarbeidar og skule-heim.
Kvalifikasjonskrav
Me søkjer deg som har:
- godkjent undervisningskompetanse for tilsetjing i grunnskulen, jf. opplæringslova
- god digital forståing og er trygg i bruk av digitale verktøy i opplæringa
- god kjennskap til den nye læreplanen
- gode norskkunnskapar, både munnleg og skrifteleg
Ønskjeleg kompetanse:
- grunnskulelærarutdanning for 1.-7. trinn
Ved ei eventuell tilsetjing må du leggja fram politiattest jf. Opplæringslova § 17-11 Eigenerklæringsskjema for MRSA og tuberkulose.
Personlege eigenskapar
Me søkjer etter deg som
- er ein tydeleg og god klasseleiar
- er oppteken av å bygga gode relasjonar og eit trygt og inkluderande læringsmiljø
- har evne til å motivera elevane
- er omsorgsfull, fleksibel og løysingsorientert
- viser engasjement og endringsvilje
- har evne og vilje til samarbeid og deling.
Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt.
Kvifor du skal jobba hos oss
Hos oss vil du få faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø, som er prega av rausheit, delingskultur og høg kompetanse. Me kan legga til at alle dei tre skulane våre ligg tett på fine naturområde, som me nyttar oss av i undervisninga så vell som på fritida!
Tilsetjing hos oss gjev deg medlemskap i SPK- Statens pensjonskasse. Det betyr blant anna at du får ein av dei beste pensjonsordningane i Noreg, samt høve til å søkja om bustadlån med gunstige vilkår.
Du blir tilsett i rett stillingskode ut frå kompetanse, med lønsplassering kapittel 4 i det kommunale regulativet. Ansiennitetstrinna går her frå 0-16 år. Løna blir justert årleg gjennom sentrale forhandlingar. Somme år vert det gjennom dei sentrale forhandlingane også tildelt ein pott til lokale justeringar.
Synes du dette verkar som ei spanande stilling eller det er noko du lurar på etter å ha lest annonsa? Ta gjerne kontakt med oss som står oppført som kontaktpersonar i annonsa.
For å sikra at du føler deg trygg i valet om å jobba hos oss, tilbyr me ein omvendt referansesjekk. Dersom du er aktuell for stillinga vil du få høve til å kontakta nokon av våre medarbeidarar, slik at du kan stilla dei spørsmåla du måtte ønska, for finna ut om me er ein god match.
Informasjon til søkjar
Søkar har sjølv ansvar for å laste opp alle relevante vedlegg innan søknadsfristen. For at søknaden skal bli vurdert, må du legge ved dokumentasjon på utdanning og arbeidserfaring, som vitnemål og tenestebevis/arbeidsattestar. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må du laste opp attesterte omsettingar.
Du må sende inn søknaden via Jobbnorge. Søknadar som kjem inn på andre måtar, til dømes på e‑post eller til postmottak, blir ikkje vurderte.
Ønske om unntak frå den offentlege søkarlista blir vurdert etter reglane i offentleglova. Søkarar som ber om slikt unntak, blir varsla dersom ønsket ikkje kan takast til følge.
Tysnes kommune ønskjer å spegla mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Me oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsnedsetjing og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Me ønskjer å legga til rette for inkluderande rekruttering.
Annonseinformasjon
- FINN-kode 463339484
- Sist endret