Har du lyst til å bli ein del av hjartet i Suldal kommune?
Suldal kommune Organisasjon og innbyggarkontakt
- Frist 24.5.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Me i Organisasjon og innbyggarkontakt leitar etter ein engasjert person som kan ta på seg eit vikariat som konsulent/spesialkonsulent i 100 % stilling. Kanskje er det akkurat deg? Kvifor skal du søkje?Fordi du likar å ha kontroll på detaljane, men samtidig trivst med å vere ein del av eit lag som heiar på kvarandre. Hos oss er trivsel og godt arbeidsmiljø ikkje berre fine ord – det er kvardagen vår. Me jobbar saman, ler saman og løyser utfordringar saman. Kva skal du gjere?Du blir ein viktig støttespelar for einingsleiarane innan oppvekst og helse, og får varierte oppgåver som gjer dagen både spanande og lærerik.
Link til søknadsskjema: Søk her
- Administrativ støtte til einingsleiarar
- Personalmeldingar og merkantile oppgåver
- Fakturering og refusjonar
- Systemadministrator i ulike fagsystem
- Og litt av kvart anna som dukkar opp
- Har relevant høgskuleutdanning
- Er digitalt sterk og lærer nye system raskt
- Kan formulere seg godt norsk, både skriftleg og munnleg
- Er strukturert, nøyaktig og serviceinnstilt
- Du trivst med ansvar og utfordringar
- Du er ein lagspelar med gode kommunikasjonseigenskapar
- Du er løysingsorientert og har orden i sysakene
- Varierte og utviklande arbeidsoppgåver
- Eit sterkt fagmiljø og gode kollegaer
- Moglegheit for fagleg utvikling
- Fleksitid og gode pensjonsordningar
- Ein arbeidsplass midt i hjarta av kommunen – bokstaveleg talt!
Link til søknadsskjema: Søk her
Annonseinformasjon
- FINN-kode 463324566
- Sist endret

