Lærarar
Brattvåg ungdomsskule, Haram kommune
- Frist 24.5.2026
- Ansettelsesform Fast
Brattvåg ungdomsskule søkjer to engasjerte og dyktige lærarar – ei 100 % fast stilling og ei 70 % stilling i vikariat – frå og med skuleåret 2026/27. Stillingane kan innehalde kontaktlæraransvar.
Vi ønskjer oss særleg søkjarar med norskkompetanse, gjerne i kombinasjon med kunst og handverk. Andre relevante fagkombinasjonar kan òg bli vurderte.
Brattvåg ungdomsskule ligg sentralt i Brattvåg, i nærleiken av Haram vidaregåande skule og Brattvåg stadion. Skulen har om lag 150 elevar og 22 tilsette. Elevane kjem frå Brattvåg, Søvik, Hildre og Grytastranda. Skulen er ein dysleksivennleg skule og nyttar nynorsk som opplæringsmål. Elevane har 1:1-dekning med PC, frå hausten 2026 innførast Itslearning som ny læringsplattform ved skulen.
Vi ser etter deg som er engasjert, trygg og omsorgsfull, og som ønskjer å skape meiningsfulle og inspirerande kvardagar for ungdom. Du er ein tydeleg klasseleiar med gode samarbeidsevner og høg relasjonskompetanse. Ved Brattvåg ungdomsskule legg vi stor vekt på godt arbeidsmiljø, fagleg utvikling og høg trivsel – både for elevar og tilsette.
I Haram kommune er gode og heilskaplege tenester i fokus. Vi er opptekne av å arbeide på tvers av tenestene for å skape robuste og samanhengande tilbod for innbyggjarar og næringsliv.
Ønskjer du å vere med og forme framtida til ungdommane i Haram?
Vi ser fram til å høyre frå deg!
Arbeidsoppgåver
- Undervisning i ulike fag, med hovudvekt på norsk.
- Tett samarbeid i team, der ein planlegg, evaluerer og utviklar praksis saman.
- Deltaking i utviklingsarbeid og kontinuerleg fagleg oppdatering.
- Samarbeid skule–heim, i tett dialog med føresette.
- Relasjonsbygging mellom lærar og elev, med vekt på tryggleik, respekt og læringsglede
Kvalifikasjonar
- Undervisningskompetanse og relevant fagkompetanse for stillinga.
- Erfaring frå ungdomstrinnet er ein fordel.
- Søkjar må beherske norsk, både skriftleg og munnleg.
- God digital kompetanse.
Personlege eigenskapar
- Du er ein god rollemodell med gode omsorgsevner for barn og ungdom.
- Du er fagleg sterk, engasjert og stødig i møte med elevar.
- Du har god relasjonskompetanse og er glad i å vere saman med ungdom.
- Du kan arbeide både sjølvstendig og saman med andre, og godt samarbeid og god kommunikasjon med dine kollegaer er viktig for deg
- Du likar ein hektisk og variert kvardag.
- Du er opptatt av utvikling og forbetring, både av eigen og skulen sin praksis.
Vi tilbyr
- Eit kompetent og triveleg kollegium med fokus på samarbeid og trivsel.
- Ein skule i utvikling, med tydeleg pedagogisk retning.
- Gode digitale arbeidsverktøy og moderne læringsarenaer.
- Moglegheit for fagleg utvikling og påverknad i eit profesjonsfagleg fellesskap.
Kontaktinformasjon
Lars Flem Åkre, Rektor, 95861787, lars.flem.akre@haram.kommune.noArbeidsstad
Dalevegen 506270 Brattvåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Haram kommuneReferansenr.: 5122160331
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikar
Søknadsfrist: 24.05.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 463264563
- Sist endret


