Sjukepleiar
Kjevekirurgi pol. Ålesund eks., Helse Møre og Romsdal HF
- Frist 25.5.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Kjevekirurgisk seksjon ved Ålesund sjukehus har ledig fast 50% stilling og eit vikariat i 80% stilling for sjukepleiar. Oppstart etter avtale.
Kjevekirurgisk seksjon er ein aktiv poliklinikk med dagkirurgiske inngrep/operasjonar og polikliniske konsultasjonar. Vi har eit triveleg og positivt arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige medarbeidarar. Som sjukepleiar her får du spanande og varierte arbeidsoppgåver med rom for fagleg utvikling.
Seksjonen er organisert under Kirurgisk avdeling i Klinikk Ålesund sjukehus.
Arbeidsoppgåver
- Arbeidsoppgåver primært knytt til kjevekirurgiske undersøkingar og behandling, samt fellesoppgåver i seksjonen.
- Tilrettelegging og assistering ved operasjonar.
- Arbeid i team.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
- Ønskeleg med kirurgisk erfaring.
- Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg.
- Det er ønskeleg at søknaden innheld informasjon om korleis du ønsker å utvikle deg og litt om korleis du kan bidra til utvikling av avdelinga/seksjonen.
Personlege eigenskapar
- Du er positiv, har gode samarbeidsevner, og er reflektert.
- Du er ansvarsbevisst.
- Du er motivert for varierte arbeidsoppgåver.
- Du må like å arbeide sjølvstendig og i team.
- Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert skanna og lasta opp som vedlegg til din CV
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her!
Kontaktinformasjon
Reidun Oddbjørg Lunde, Seksjonsleiar, Reidun.Oddbjorg.Lunde@helse-mr.noArbeidssted
Åsehaugen 56017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5117098375
Stillingsprosent: 50, 80%
Fast, Vikariat
Søknadsfrist: 25.05.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 463252276
- Sist endret

