Leiarstilling ved Bømlo bu- og helsesenter
Bømlo kommune
- Frist 24.5.2026
- Ansettelsesform Fast
Vil du ta leiinga i laget som driv tenesteutviklinga vidare?
Bømlo kommune, Helse, sosial og omsorg (HSO), har frå 01.09.2026 ledig stilling som verksemdsleiar ved Bømlo bu- og helsesenter.
Bømlo bu- og helsesenter er ein sentral del av institusjonstilbodet i kommunen, med 98 plassar for kort- og langtidsopphald, samt tenester innan kjøken, reinhald og merkantil drift. Verksemda omfattar om lag 170 tilsette, 114 årsverk og eit netto driftsbudsjett på rundt 102 mill. kroner, og inkluderer òg ei avdeling ved Teiglandshagen bufellesskap.
Som verksemdsleiar får du ei nøkkelrolle i leiing, drift og utvikling av institusjonstilbodet, i tråd med kommunedelplan, årlege handlingsplanar og nasjonale føringar. Du har ansvar for å sikre god kvalitet i tenestene, heilskaplege tilbod og ei drift som er tilpassa bebuarane og deira pårørande. Stillinga rapporterer til kommunalsjef og inngår i leiargruppa i HSO. Du vil samarbeide tett med dyktige leiarar og fagmiljø i kommunen, og får eit stort handlingsrom til å påverke utvikling av medarbeidarar, tenester og arbeidsmåtar.
Arbeidsoppgåver
Som verksemdsleiar vil du mellom anna ha ansvar for:
- Overordna leiing, fagleg utvikling og dagleg drift av verksemda.
- Økonomistyring og ressursbruk, inkludert budsjett, rapportering, bemanningsplanlegging og turnus.
- Personalansvar og HMS‑arbeid, med systematisk oppfølging av arbeidsmiljø, nærvær og trivsel.
- Kvalitet og pasient-/brukartryggleik, gjennom fagutvikling, kompetansearbeid, internkontroll og forbetringsarbeid.
- Heilskaplege pasient- og brukarforløp, i samarbeid med pårørande og tverrfaglege aktørar.
- Leiing av endring og utvikling, inkludert samhandling på tvers, digital utvikling og nye arbeidsmåtar.
Kvalifikasjonar
Krav:
- Helsefagleg høgskule- eller universitetsutdanning (til dømes sjukepleiar, vernepleiar eller anna relevant helseutdanning på minimum bachelornivå).
- Formell leiarutdanning på minimum 30 studiepoeng (t.d. leiarutdanning/vidareutdanning i leiing, organisasjon og økonomi), eller dokumentert vilje til å gjennomføre leiarutdanning etter tilsetjing.
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk.
- God digital kompetanse, inkludert erfaring med å ta i bruk digitale system og verktøy.
Ønskjelege kvalifikasjonar:
- Relevant leiarerfaring.
- God kjennskap til relevant lovverk og regelverk innan helse- og omsorgssektoren.
- Kunnskap om økonomistyring.
- Erfaring med kvalitets- og forbetringsarbeid.
Personlege eigenskapar
Me ser etter ein engasjert leiar som ønskjer å arbeide tett i lag med andre om drift og vidareutvikling av institusjonstilbodet i kommunen. Som verksemdsleiar vil du vere ein sentral pådrivar for gode og forsvarlege tenester til bebuarane, samstundes som du bidreg til eit godt, inkluderande og utviklande arbeidsmiljø.
Me legg særleg vekt på at du:
- Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, med sterk relasjonskompetanse.
- Arbeider strukturert og målretta, med evne til å prioritere og følgje opp oppgåver.
- Er fleksibel og løysingsorientert, og arbeider sjølvstendig.
- Viser handlekraft og god gjennomføringsevne i ein variert arbeidskvardag.
- Er ein trygg og tydeleg leiar som motiverer medarbeidarane, skapar tillit og tek ansvar i leiarrolla.
Me tilbyr
Me vil at du som leiar skal oppleva fagleg og personleg utvikling i arbeidet ditt gjennom kompetansetiltak og i samspel med dine leiarkollegaer og medarbeidarar.
- Leiarutviklingsprogram.
- Eit spennande og utviklande arbeidsmiljø i ein flott kommune.
- Løn etter avtale.
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar.
- Som tilsett får du tilbod om medlemskap i velferdsklubb som gjev tilsettegoder.
Andre opplysingar
- Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
- Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter Helse og omsorgstenestelova § 5.4.
- Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn.
- Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentlig søkerliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25.
Synest du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar som stadfestar tidlegare arbeidsforhold. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din.
Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med kommunalsjef HSO Kjell Magnar Mellesdal for ein uforpliktande samtale.
Kontaktinformasjon
Kjell Magnar Mellesdal, Kommunalsjef helse, sosial og omsorg, 480 29 947, Kjell.Magnar.Mellesdal@bomlo.kommune.noNøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bømlo kommuneReferansenr.: 5124486190
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 24.05.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 463252109
- Sist endret


