Fysioterapeut med driftstilskot
Tenesteområde Ergoterapi, fysioterapi og lege, Haram kommune
- Frist 7.6.2026
- Ansettelsesform Selvstendig næringsdrivende
Haram kommune har ledig 100 % driftstilskot for fysioterapeut frå 1. oktober 2026.
Den ledige heimelen er knytt til Brattvåg Fysikalske Institutt AS. Det søkes etter autorisert fysioterapeut med allmenn fysioterapi kompetanse.
Instituttet har totalt tre 100 % driftsavtalar og kontormedarbeidar i 87 % stilling. Driftsavtalen skal utøvast frå instituttet sine lokale i Strandgata 26, 6270 Brattvåg, samt frå leigde lokale på Haramsøy. Avdelinga på Haramsøy er open 2–3 dagar per veke, og tiltredande fysioterapeut vil inngå i gjeldande turnusordning for å dekke tilbodet der.
Brattvåg Fysikalske Institutt har god pasienttilgang, separate behandlingsrom, resepsjon og godt utstyrte treningsrom. Instituttet nyttar medisinsk treningsterapi og Record slyngetrening.
Tiltredande fysioterapeut forpliktar seg til å drive verksemda i samsvar med ei kvar tid gjeldande ASA 4313, og tiltreding og eventuell overdraging vil skje i tråd med vilkåra som fremgår av ASA 4313. Det vert forventa at aktuelle kandidatar set seg godt inn i dei driftsmessige forholda ved instituttet. Nærare opplysningar kan ein få ved å ta kontakt med Brattvåg Fysikalske Institutt AS. Det er forpliktelser jfr ASA 4313 pkt 7 i forbindelse med overdragelse av avtalen.
Tilfredsstillande politiattest må leggast fram før oppstart, i samsvar med gjeldande regelverk.
Haram kommune er ein ambisiøs kommune som tilbyr gode og heilskaplege tenester. Vi legg vekt på å spele kvarandre gode, jobbe på tvers av fagområde og skape verdiar for innbyggjarar og næringsliv. Eit viktig mål for kommunen er å sikre høg kvalitet og god behandling for kvar enkelt som søkjer tenester.
Arbeidsoppgåver
- Behandlingsformene skal være forankra i kunnskapsbasert praksis
- Behandling foregår individuelt og i gruppe
- Arbeidet som fysioterapeut med driftsavtale omfatter ei klinisk tilnærming til undersøking, kurativ behandling, rehabilitering/opptrening og forebygging av skade/smerte i muskel-og skjelettapparatet.
- Arbeidet inneber pasientforløp med kontinuerleg vurdering av behov og prioritering, dette for å bidra til effektive og gode fysioterapitenester for instituttet og kommunen.
- Ta del i den daglege drifta og medvirke til ei positiv utvikling av instituttet
Kvalifikasjonar
- Norsk offentleg godkjend fysioterapeut.
- God kunnskap i norsk, skriftleg og muntleg
- Det er ønske med kompetanse i diagnostisk ultralyd
- Det er ønskeleg med breiddekompetanse innan fysioterapifaget
- Det er ønskeleg med god kompetanse innan aktivitetsmedisin
- Evne til å prioritere ut i frå nyttekriteret, ressurskriteriet og alvorlighetskriteriet - Prioritering i helse- og omsorgstenesten
- Har fokus på ein aktiv og heilskapleg tilnærming til pasientar
- Erfaring innan drift som sjølvstendig næringsdrivande fysioterapeut med avtaleheimel
- Førarkort klasse B og må disponere bil
Personlege eigenskapar
- Påliteleg
- Samarbeidsvillig
- Strukturert og systematisk
- Løysningsorientert
- Motivasjons- og formidlingsevne
- Sjølvstendig
- Evne til å skape gode relasjonar
Vi tilbyr
- Godt fagmiljø
- Egna lokaler med erfarne terapeutar og kontorressurs på instituttet
- Fin beliggenhet, sentralt i Brattvåg
- Positivt og sosialt miljø
Kontaktinformasjon
Elly Christine Volsdal Slettvoll, Tenesteleiar, 90158565, elly.christine.volsdal.slettvoll@haram.kommune.noArbeidsstad
Strandgata 266270 Brattvåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Haram kommuneReferansenr.: 5123518908
Stillingsprosent: 100%
Anna
Startdato: 01.10.2026
Søknadsfrist: 07.06.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 463245386
- Sist endret




