Fysioterapeut på kveld
Ortopedisk klinikk/ Fysioterapiavdelinga, Helse Bergen HF
- Frist 28.5.2026
- Ansettelsesform Fast
Fysioterapiavdelinga er ei serviceavdeling organisert i Ortopedisk klinikk. Totalt har avdelinga rundt 85 stillingar og rundt 100 tilsette.
Vi har frå 31.08.26 ledig fast stilling som kveldsvakt. Kveldsvaktene arbeider i 15 vekers turnus og 18,5% stilling tilsvarer 20 vakter på 15 veker. Kvar vakt varer frå kl. 15.30 til 20.30 og tenesta er kvar kveld heile året. Tenesta er delt på 5 kveldsvakter og man samarbeider med fysioterapeutar på forskyvd vakt.
Arbeidsoppgåver
Hovudarbeidsfeltet på kveld er lungefysioterapi for pasientar ved dei fleste somatiske avdelingane på sjukehuset, til dømes Intensivavdelinga, Lungeavdelinga og Barne- og ungdomsklinikken. Pasientar med andre problemstillingar, til dømes brannskadar, blir òg behandla. Det er fysioterapeutar på dagtid som prioriterer pasientar til behandling på kveld. I tillegg kan dei kliniske avdelingane ringe etter fysioterapeut ved akutt behov på kveld
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som Fysioterapeut
- Du må ha erfaring frå lungefysioterapi på sjukehus
- Du må ha erfaring frå arbeid på sjukehus med kritisk sjuke paientar
- Det er ein fordel med erfaring frå arbeid med både barn og vaksne
- Det er ein fordel med etter- og/eller vidareutdanning innan lungefysioterapi
- Du må meistre godt norsk både munnleg og skriftleg
- Ved tilbod om stilling må du legge fram tilfredsstillande politiattest (vandelsattest), jf. Lov om helsepersonell § 20a (gjeld arbeid med barn og utviklingshemma)
Personlege eigenskapar
- Du har motivasjon og interesse for fagfeltet
- Du kan arbeide sjølvstendig og har god fagleg vurderingsevne
- Du er fleksibel og effektiv i arbeidet
- Du kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
- Du held deg roleg, objektiv og kontrollert i stressande situasjonar og arbeider stabilt under press
- Du er ansvarsbevisst, punktleg og påliteleg
Vi tilbyr
- Ein spennande og utfordrande jobb
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
- Avdelinga har eit omfattande opplæringsprogram for nye kveldsvakter før oppstart i turnus
- Det er eigne møte og undervisning for dei som jobbar på kveld
- Det vil vere gode moglegheiter for å ta ekstravakter på kveld og på dagtid i vanlege helgar, helge- og høgtidsdagar i tillegg til i sommarferieavviklinga
- Det vil eventuelt også vere mogleg å kombinere med vikariat på dagtid ved ledigheit
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Else Sterndorff, Avdelingssjef, 55972863Arbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5127990119
Stillingsprosent: 18,5%
Fast
Søknadsfrist: 28.05.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 463235110
- Sist endret

