Kinovert i Operahuset Nordfjord
Kultur, Stad kommune
- Frist 31.5.2026
- Ansettelsesform Fast
Stad kino har ledig ei fast 25 prosent stilling som kinovert, med oppstart 01.08.2026
Alt arbeid er knytt til kveld og helg. Som kinovert jobbar du omlag to helgar i månaden. Arbeidstid etter oppsett årsplan.
Stad kino er samlokalisert med Operahuset Nordfjord og Eid vidaregåande skule, og har faste visningar torsdag, fredag og søndag.
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for å klargjere for og gjennomføre kinovisningar
- Vareplassering, førebu kiosk og kinosal til kinovisningane, ta i mot publikum og selgje billettar og kioskvarer
- Service, rydding og reinhald er ein viktig del av arbeidet
- Ved behov jobbar du også ved arrangement i Operahuset Nordfjord
Kvalifikasjonar
Det er ikkje krav om formalkompetanse i stillinga, men det er krav om realkompetanse:
- Forståing og interesse for sal og service
- God IT-kompetanse
- Ynskjeleg med erfaring frå kasse- og billettsystem
- Då du skal jobbe åleine på kveldstid, krevst det at du er over 18 år
Personlege eigenskapar
- Utadvendt og serviceinnstilt
- Sjølvstendig og nøyaktig
- Fleksibel og løysingsorientert
Vi tilbyr
- Ein spanande, variert og meiningsfull arbeidskvardag
- Eit aktivt kulturkollegie med operahus, bibliotek, kulturskule, frivilligsentralar og kulturarv.
- Løn etter tariff
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
NB: Husk at du må laste opp arbeidsattestar og vitnemål saman med søknaden!
Stad kommune har seks månader prøvetid.
For nærare opplysningar om stillinga, kontakt Stad kino ved Ragni Marie Strand Rasmussen 91141544 eller kultursjef Geir Holmen, tlf. 90779933
Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Kontaktinformasjon
Ragni Marie Strand Rasmussen, Stad kino, 91141544, ragni.rasmussen@stad.kommune.noGeir Holmen, einingsleiar kultur, 90 77 99 33, geir.holmen@stad.kommune.no
Arbeidsstad
Sophus Lie-vegen 36770 Nordfjordeid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stad kommuneReferansenr.: 5116161489
Stillingsprosent: 25%
Fast
Søknadsfrist: 31.05.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 463232613
- Sist endret



