Einingsleiar landbruk
Midt-Telemark kommune
- Frist 01.06.2026
- Ansettelsesform Fast
Einingsleiar landbruk
Midt-Telemark kommune søkjer etter einingsleiar for landbrukskontoret. Nome og Midt-Telemark landbrukskontor er eit interkommunalt landbrukskontor for kommunane Nome og Midt-Telemark. Kontoret er ein del av det landbruksfaglege miljøet på Landbrukets Hus på Brenna, Gvarv. Landbrukskontoret er organisert under teknisk sektor i kommunen, og einingsleiaren vert ein del av leiargruppa i sektoren.
Midt-Telemark er den største landbrukskommunen i fylket, og saman med Nome forvaltar Nome og Midt-Telemark landbrukskontor over ein fjerdedel av det samla landbruksarealet i fylket og står for den største verdiskapinga. Området har ei omfattande fruktproduksjon som bidreg sterkt til verdiskapinga. Det finst òg levande produksjonsmiljø innan husdyr- og kornproduksjon. Skogbruk er òg ei viktig næring. Å motivere og bistå landbruksnæringa til vidare utvikling, både innan primærproduksjon, vidareforedling og tilleggsnæringar knytte til gardsbruk, vil vere ein sentral del av stillinga.
Nome og Midt-Telemark landbrukskontor har som føremål å forvalte kommunane sine til ei kvar tid gjeldande ansvarsområde innanfor viltlova, jord-, skog- og konsesjonslova, samt å ha landbruksfagleg kompetanse innan kommunal arealforvaltning, arealplanlegging og landbruksbasert næringsutvikling. Det er for tida åtte medarbeidarar ved landbrukskontoret.
Arbeidsoppgåver
Einingsleiaren har ansvar for den daglege leiinga av landbrukskontoret. Det vil seie full fagleg, personalmessig og økonomisk ansvar for eininga.
Eininga arbeider med:
- Tilskotsforvaltning.
- Næringsutvikling innan jordbruk, skogbruk og naturbaserte næringar.
- Lovsaker knytte til jordlova og konsesjonslova, samt egenerklæring om konsesjonsfridom.
- Viltforvaltning, fisk og motorferdsel i utmark.
- Einingsleiaren er ansvarleg for kontorfellesskapen Landbrukets hus og utviklinga av dette miljøet.
Kvalifikasjonar
Krav til kvalifikasjonar
- Høgare utdanning innan landbruk eller skogbruk, fortrinnsvis mastergrad.
- Leiarerfaring og/eller leiingsutdanning.
- Erfaring med og interesse for næringsutvikling innan jordbruk, skogbruk og naturbaserte næringar.
Ønska kompetanse
- Søkjar bør kunne meistre begge målformer
Særskilde krav
- Førarkort kl. B
- Disponere bil
Personlege eigenskapar
- Strukturert og ryddig.
- Innteresse for fagområdet og næringsutvikling.
- Evne til å motivere, få til samarbeid og skape positivt engasjement i næringa og blant medarbeiderne.
Personlige egenskaper vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
- Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk.
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
- Godt fagmiljø og arbeidsmiljø.
- Midt-Telemark kommune har eit introduksjonsprogram for nye leiarar
Kopi av vitnemål og attestar lastas opp som vedlegg i webcruiter.
FerdigheterAI-generert
- Arealplanlegging
- Gårdsarbeid
- Skogbruk
- Viltforvaltning
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Midt-Telemark kommune ligg i hjarte av Telemark med Bø som kommune- og regionssenter og handelssenter, og Gvarv som lokalsenter. Kommunen har om lag 10900 innbyggjarar.
Midt-Telemark er ein aktiv kommune med nasjonale turistmål, attraktivt kulturliv, eit innovativt næringsliv og eit variert landbruk, som mellom anna produserer ein fjerdedel av epla i Noreg.
Kommunen er studiestad for Universitetet i Sør-Øst Norge, har vidaregåande skule og folkehøgskule. Kommunesenteret er eit trafikknutepunkt med godt kollektivsamband både aust- og vestover, m.a. med bare 2 timar til Oslo og 2 ½ time til Kristiansand med tog.
Midt-Telemark kommune er opptekne av mangfald og vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming og etnisitet.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Gullbringvegen 20, 3800 Bø i Telemark
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Ledelse
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
enhetsleder, landbruk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 463220058
- Sist endret




