Helsefagarbeidar/hjelpepleiar/assistent
Medisinsk sengepost Lærdal, Helse Førde
- Frist 25.5.2026
- Ansettelsesform Fast
Ønskjer du å bu på ein liten stad med store moglegheiter? Ønskjer du å jobbe på eit lite lokalsjukehus og samtidig få stort fagleg utbytte?
Lærdal sjukehus har ledige stillingar ved medisinsk sengepost for helsefagarbeidarar/hjelpepleiarar, sjukepleiarstudentar eller assistentar:
- 1 x 70 % fast stilling
- 1 x 100 % vikariat frå snarast til 01.09.2027
Stillingane er ikkje planlagde delte.
Medisinsk sengepost har 14 senger inkludert 2 overvakingssenger og driftar for tida 2 interkommunale senger. Om lag 95 % av innleggingane er akutt hjelp, og dei største pasientgruppene er hjarte- og infeksjonspasientar.
Lærdal er ein fin stad med store naturopplevingar rett utanfor døra, og gode turmoglegheitar for alle. Plasseringa gjer Lærdal til eit knutepunkt mellom Oslo og Bergen. Sjukehuset har ei eiga personalhytte på Filefjell. I tillegg har Lærdal vestlandets trivlegaste arbeidsplass, nemleg lokalsjukehuset. Meir informasjon om Lærdal kan du lese her.
Ønskjer du meir informasjon om stillingane, kan du ta kontakt med einingsleiar - sjå kontaktinformasjon.
Arbeidsoppgåver
- Arbeide i 2-delt turnus, og kvar 3.helg
- Pasientrelatert arbeid
- Ta del i oppgåver som ligg til avdelinga
- Samarbeid i team med andre yrkesgrupper
- Opplæring og rettleiing av studentar/lærlinger
- Arbeidsoppgåver delegert frå leiar
- Pasientdokumentering (Meona og Dips)
Arbeide etter Helse Førde sine verdiar: Respekt i møte med pasienten, kvalitet i prosess og resultat, og tryggleik for tilgjenge og omsorg.
Kvalifikasjonar
- Helsefagarbeidar/hjelpepleiar må ha godkjent norsk autorisasjon
- Gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg
- Gode IKT-kunnskapar
- Må kunne nytte dei datasystema som er knytt til rolla, slik at faglege og juridiske krav blir ivaretekne
Personlege eigenskapar
- Du har eit godt fagleg og verdimessig pasientperspektiv
- Du arbeider godt både sjølvstendig og i team
- Du ønskjer å bidra positivt til eit godt fagleg og kollegialt miljø
- Du trist i eit aktivt og travelt arbeidsmiljø
- Du er fagleg engasjert
- Du arbeiderstrukturert og målretta
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- God innføring og opplæring i arbeidsoppgåver
- Fagleg utvikling og moglegheit for vidareutdanning
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Eit triveleg og inkluderande arbeidsmiljø
- Tilgang til personalhytte på Filefjell
- Hjelp med bustad (opplys i søknaden dersom det er ønskjeleg)
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Marit Fossheim Ottersen, Einingsleiar, (+47) 479 06 594Arbeidssted
Sjukehusvegen 96887 Lærdal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse FørdeReferansenr.: 5126630773
Stillingsprosent: 100, 70%
Vikariat, Fast
Søknadsfrist: 25.05.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 462871714
- Sist endret



