Fagkonsulent/ vernepleiar med vidareutdanning eller erfaring
Helse Bergen HF
- Frist 27.05.2026
- Ansettelsesform Fast
Fagkonsulent/Vernepleiar med vidareutdanning i psykisk helse
Vil du arbeide med kompleks habilitering i spesialisthelsetenesta? Spennande fagstilling i Habiliteringsavdelinga for vaksne (HAVO).
Habiliteringsavdelinga for vaksne (HAVO) er ein del av ReHabiliteringsklinikken, som òg omfattar Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering (AFMR) og Regionalt kompetansesenter for habilitering og rehabilitering.
HAVO gir tenester til vaksne med medfødd eller tidleg erverva funksjonsnedsetting. Fagfeltet er både spennande og variert, og har berøringspunkt mot fleire andre spesialområde. Oppfølginga av pasientar skjer ofte i tett samarbeid med kommunale tenester, pårørande, psykisk helsevern og andre einingar i spesialisthelsetenesta. Dei sentrale arbeidsoppgåvene i HAVO er utgreiing, rettleiing og behandling, samt vurdering og rådgiving i tråd med Helse- og omsorgstenestelova kapittel 9.
Arbeidet vil i hovudsak vere retta mot personar med utviklingshemming og autismespekterforstyrringar, som i tillegg kan ha psykiske helseutfordringar og åtferd som utfordrar. Problemstillingane er ofte komplekse og samansette, og krev tett, tverrfagleg samarbeid – særleg med psykolog og overlege.
Vi søkjer vernepleiar eller annan relevant bachelorutdanna fagperson, helst med vidareutdanning innan psykisk helse eller åtferd som utfordrar. Det er ønskeleg med brei erfaring frå målgruppa, samt eit tydeleg engasjement for fag- og kompetanseutvikling. HAVO har lovpålagt ansvar knytt til oppfølging etter kapittel 9 i Helse- og omsorgstenestelova, og det er derfor viktig med god forståing for regelverk og praktisk lovanvending.
HAVO er samansett av eit tverrfagleg team med overlegar, psykologar, vernepleiarar, ergoterapeutar, pedagogar, fysioterapeutar og sekretærar. Vernepleiarane utgjer den største faggruppa. Vi arbeider både ambulant og poliklinisk, og disponerer eigne tenestebilar.
Avdelinga held til i Olav Bjordals veg 29 på Breistein, med gode parkeringsmoglegheiter. Hausten 2028 skal avdelinga flytte til nye lokale og samlokaliserast med resten av ReHabiliteringsklinikken på Nordås.
Stillinga er ledig frå 15.08.2026, eller etter avtale.
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing og rettleiing knytta til ulike åtferdsutfordringar og psykiske helseplagar
- Rettleiing i miljøterapeutiske tiltak
- Bidra i vidareutvikling av fagområde
- Behandlingsplanar
- Bidra til gode løysingar i komplekse pasientsaker, i samarbeid med fleire eksterne instansar
- Tverrfagleg arbeid med psykolog og legar i komplekse sakar
- Bistand til kommunar ved utarbeiding av tiltak etter Helse- og omsorgstenestelova Kap. 9
- Kurs- og undervisingsoppgåver
Kvalifikasjonar
- Solid erfaring frå klinisk arbeid med målgruppa: Utviklingshemming, åtferd som utfordrar, psykisk helse, autismespekterforstyrringar og andre tilleggsvanskar
- Erfaring frå arbeid med komplekse problem
- Kompetanse på kartlegging og tiltak ved utfordrande åtferd og psykisk uhelse
- God kunnskap om Helse- og omsorgstenestelova Kap 9
- Relevant vidareutdanning/mastergrad
- Erfaring med rettleiing i direkte og indirekte miljøterapeutiske tiltak
- Må meistre norsk munnleg og skriftleg
- Førarkort kl. B
- Norsk autorisasjon
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Kunne arbeide målretta og sjølvstendig
- Fagleg engasjement
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Vere ein god teamarbeidar
Vi tilbyr
- Varierte og spennande oppgåver
- Tverrfagleg samarbeid, internt og med andre deler av spesialisthelsetenesta
- Fagutvikling
- Mentordning
- Triveleg arbeidsmiljø
- Fleksitidsavtale /dagtid
- Gode parkeringsforhold
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
FerdigheterAI-generert
- Arbeid etter helse - og omsorgstjenesteloven
- Generell Godkjenning av Utenlandske Utdanning
- Norsk
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Olav Bjordals veg 29, 5111 Breistein
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell, Vernepleier/miljøterapeut
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
spesialvernepleier, vernepleier med videreutdanning, fagkonsulent, HAVO, Habiliteringstjensten for voksne
Annonseinformasjon
- FINN-kode 462862064
- Sist endret


