Fagarbeidar og miljøterapeut
Austevoll kommune
- Frist 22.05.2026
- Ansettelsesform Fast
har ledig stilling som
Om arbeidsstaden
Kommunalområdet Oppvekst er ei eining med omlag 145 tilsette, og blir leia av kommunalsjefen. I denne eininga inngår Austevoll ungdomsskule, Storebø skule, Selbjørn skule, private barnehagar, PPT-kontor, helsestasjon, barnevern, vaksenopplæring, kulturskule og bibliotek. Oppvekst har som mål å leggja til rette for gode oppvekstvilkår for barn og unge, difor er folkehelsa og livsmeistring eit av fleire satsingsområde.
Storebø skule skal vere ein god stad å vere og ein god stad å læra. Skulen er ein Trivselsleiarskule kor vi har fokus på aktiv undervisning og uteskule. Skulen er den største barneskulen i Austevoll med rundt 350 elevar og ca. 60 tilsette. Skulen er plassert på Storebø, kommunesenteret i Austevoll kommune. Skulen er rehabilitert med nye klasserom, oppgradert uteområde og læraravdeling.
Om stillinga
Ledig stilling som fagarbeidar i skule og SFO inntil 100 %.
Ledig stilling som miljøterapeut inntil 100 %
Ansvars- og arbeidsoppgåver
Fagarbeidar:
Elevassistent i skule og SFO. Arbeid med elevar med særskilde behov i undervisning og friminutt.
Deltaking i, og oppfølging av skulen sine satsingsområde.
Samarbeid med lærar og deltaking i team for assistentar.
Miljøterapeut:
Følge opp enkeltelevar og elevgrupper med fagleg, sosiale og emosjonelle behov.
Delta i arbeid knytt til tilrettelegging og oppfølging av elevar med særskilte behov.
Observere, dokumentere og følge opp tiltak rundt elevar med behov.
Kvalifikasjonskrav
Formelle kvalifikasjonskrav
Fagarbeidar
Fagbrev barne- og ungdomsarbeidar og/eller relevant helsefagleg/pedagogisk utdanning
Miljøterapeut
Relevant 3-årig høgskuleutdanning
Personlege eigenskapar
- Du må kunne arbeida sjølvstendig med varierte arbeidsoppgåver
- Det vert stilt krav til gode samarbeids- og kommunikasjonsevne
- Godt humør og løysingsorientert tilnærming til oppgåver vert vektlagt
- Du må like å vere i fysisk aktivitet ute og inne
- Erfaring frå arbeid med born som har store og samansette behov
- Kompetanse og forståing innan målretta miljøarbeid, relasjonsbygging og tilrettelegging vil vere viktig i arbeidet
Vi tilbyr
- Moglegheit for fagleg utvikling i eit godt og positivt fagmiljø
- Spanande utfordringar
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Slik søker du
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.
Det er søkar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som for eksempel attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv laste opp attesterte omsettingar.
Ikkje send søknad på e-post til enkeltpersonar i kommunen.
Vi gjer merksam på at i følge offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista blir offentleggjort.
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Austevoll er ein øykommune sør-vest i Vestland fylke. Austevoll er den største fiskerikommunen i landet med svært høg næringsaktivitet og byr på eit mangfald av spanande jobbar.
Kommunen sitt administrasjonskontor held til på kommunehuset på Storebø, cirka 5 minuttar med bil frå ferje- og snøggbåtkai.
Kommunen har eit folketal på om lag 5400 og dagleg pendlar omtrent 700 til Austevoll frå nabokommunar. Vi er rundt 450 fast tilsette som er opptatt av å gi innbyggarane våre gode kommunale tenester.
Og veit du at dersom du bur i Austevoll kan du få sletta studiegjeld? Bur du her kan du kvart år få sletta kr 25.000,- av studielånet ditt. Dette er nytt frå januar 2026, sjå meir informasjon om ordninga på Lånekassen si heimeside: Sletting av gjeld i utvalgte kommuner
Vi kan tilby meiningsfylte og utfordrande oppgåver og gode, offentlege pensjons- og forsikringsordningar. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
Vi ønsker deg velkommen som søkar til stilling i Austevoll kommune!
- Sektor: Offentlig
- Sted: Birkelandsvegen 2, 5392 Storebø
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Helse og omsorg, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Helsefagarbeider/hjelpepleier, Skoleassistent, Vernepleier/miljøterapeut
Annonseinformasjon
- FINN-kode 462842371
- Sist endret
