Barne - og ungdomsarbeidar/ assistent
Valle skule, Ålesund kommune
- Frist 24.5.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Valle skule søkjer etter inntil to barne- og ungdomsarbeidarar/assistent i inntil 80 % stilling, med oppstart 01.08.2026. Den eine stillinga er eit vikariat. Den andre er ei mellombels stilling.
Stillingane inneber å arbeide tett på elevar i både skule og SFO. Du vil samarbeide nært med lærarar og andre tilsette for å fremje læring, trivsel og meistring i eit trygt og inkluderande læringsmiljø.
Valle skule er ein 1. - 7.trinns skule med ca. 110 elevar og 20 ansatte.
Arbeidsoppgåver
- Bistå lærar i gjennomføring av pedagogisk arbeid og praktiske aktivitetar.
- Følgje opp enkeltelevar individuelt og i grupper, både i og utanfor klasserommet, og på SFO.
- Medverke til tilrettelegging av læringsaktivitetar og tilpassa opplæring.
- Delta aktivt i det sosialpedagogiske arbeidet rundt elevane.
- Medverke i planlegging, organisering og gjennomføring av aktivitetar i skule og SFO.
- Bidra til å sikre eit trygt, inkluderande og godt lærings- og oppvekstmiljø for elevane.
Kvalifikasjonar
- Barne- og ungdomsarbeid eller anna relevant utdanning innan arbeid med barn og unge.
- Det er ønskeleg med erfaring frå arbeid med barn med spesielle behov med fokus på åtferd og rolleforståing.
- Fagleg forståing for barn si utvikling, ulike utfordringar, tilpassa opplæring, læringsstrategiar og relasjonsbygging.
- Personlege eigenskapar vert lagde vekt på.
- På grunn av samansettinga i personalgruppa blir menn oppfordra til å søke.
- Ved mangel på kvalifiserte søkjarar, kan søkjarar utan formell kompetanse verte vurdert til stillingane.
Personlege eigenskapar
- Du framstår som ein trygg og lyttande vaksen med evne til å vere tydeleg på ein omsorgsfull måte.
- Du er fleksibel og løysingsorientert, og trivst i ein variert og til tider hektisk skulekvardag.
- Du har god relasjonskompetanse og møter barn med respekt, tryggleik og varme.
- Du har gode samarbeidsevner og bidreg aktivt til eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø.
- Søkjar må meistre norsk godt, både munnleg og skriftleg, då stillinga inneber tett samarbeid med elevar og kollegaer.
- Personlig egna og skikka for arbeid med barn og unge. Dette vil bli sterkt vektlagt.
- Omsorgsfull og engasjert: Du må vise genuint ønske om å gi barn og unge ein meningsfull og trygg kvardag.
- Evne til å handtere ein variert arbeidshverdag og uventa situasjonar.
Vi tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer.
- Eit positivt og inkluderande læringsfelleskap.
- Varierte arbeidsoppgåver.
- Lønns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lover, forskrifter og avtalar.
- Lønns, - pensjons - og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lover, forskrifter og avtalar.
Kontaktinformasjon
Trude Lianes, Assisterende rektor, 482 75 313, trude.lianes@alesund.kommune.no
Håvard Valderhaug, Rektor, 997 48 995, havard.valderhaug@alesund.kommune.no
Arbeidsstad
Vallemyrane 1
6260 Skodje
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ålesund kommune
Referansenr.: 5116289780
Stillingsprosent: 80%
Anna
Søknadsfrist: 24.05.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 462829955
- Sist endret



