Lærer
Skodje skule, Ålesund kommune
- Frist 24.5.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Inntil 100 % vikarstilling som lærar ledig ved Skodje barne- og ungdomsskule, ved barneskuleavdelinga for skoleåret 2025-2026.
Skodje barne- og ungdomsskule er ein 1 – 10-skule med ca. 400 elevar, fordelt på to skulebygg. Skulebygga ligg i umiddelbar nærheit til kvarandre, med eigne uteområde for barneskulen og ungdomsskulen. Vi har omtrent 100 born i SFO. Skulen har ei unik plassering som ligg tett inn mot store friareal som kan brukast til både organiserte læringsaktiviteter og frileik. Kulturhus, idrettsanlegg og barnehage er våre næraste naboar, forutan nærleik til skog og natur.
Vi har eit positivt og godt arbeidsmiljø med eit engasjert og utviklingsorientert kollegium, med brei og allsidig utdanning og praksis. Jobben som lærar / kontaktlærar er både utviklande og utfordrande.
Arbeidsoppgåver
- Undervisning småtrinnet.
- Kontaktlærar.
- Delta og forplikte seg i pedagogisk utviklingsarbeid i trinnsamarbeid og kollegiet generelt.
- Planlegge, gjennomføre og evaluere læringsarbeidet saman med kollegaer.
- Klasseleiing, heim/skule-samarbeid og samarbeid med eksterne instansar.
Kvalifikasjonar
- Grunnskulelærarutdanning 1.-7. er ønskeleg
- Alternativt grunnskulelærarutdanning 5.-10.
- Erfaring frå begynnaropplæring vektleggast.
Personlege eigenskapar
- Vi søker engasjerte og bidragsytande lærarar som trivast med å jobbe i team, som er strukturerte, pliktoppfyllande og fagleg kompetente.
- Du er initiativrik og sjølvstendig i ditt arbeid.
- Du er utviklingsorientert.
- Personleg eignaheit vektleggast.
Vi tilbyr
- Eit positivt, inkluderande og utviklingsorientert fellesskap
- Systematisk utviklingsarbeid i samarbeid med kollegaer og leiing.
- Ein skule som kan nytte dei flotte områda i skulens nærleik som alternative læringsarenaer.
- Eit arbeidsmiljø som er prega av godt samarbeid, samhald og engasjement.
Kontaktinformasjon
Arild Skistad, Rektor, 478 97 914, arild.skistad@alesund.kommune.noArbeidsstad
Stadionvegen 216260 Skodje
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ålesund kommuneReferansenr.: 5120011800
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.08.2026
Sluttdato: 31.07.2027
Søknadsfrist: 24.05.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 462827300
- Sist endret
