Sjukepleiar
Vaksdal kommune
- Frist 24.5.2026
- Ansettelsesform Fast
Vaksdal kommune har ledig 80% fast stilling som sjukepleiar i heimetenesta. Søkjarar som ønskjer høgare eller lågare stillingsprosent enn 80 %, blir oppmoda til å gjere merksam på dette i søknaden. Tilpassing kan vurderast ut frå drift og behov i tenesta.
Heimetenesta yter tenester til menneske i alle aldrar og livssituasjonar. Vi arbeider for å gi trygg og god omsorg prega av respekt, høg fagleg kvalitet og menneskeleg varme – der den enkelte sine behov står i sentrum.
Vaksdal kommune er ein kommune med sterkt fellesskap. Vi legg stor vekt på eit godt arbeidsmiljø der tillit, samarbeid og støtte står sentralt. Heimetenesta er i stadig utvikling, med fokus på velferdsteknologi, fagleg oppdatering og brukarmedverknad. Vi arbeider tverrfagleg, og du blir ein del av eit dyktig og engasjert team som brenn for å gi gode og trygge tenester – der folk bur og lever liva sine.
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleiefagleg oppfølging og prosedyrar (t.d. sårstell, medikamenthandtering, m.m.)
- Omsorg, pleie og førebyggande arbeid i heimen
- Støtte og rettleiing til brukarar og pårørande
- Oppfølging av pasientar i palliativ fase
- Bruk av velferdsteknologi
Krav til kompetanse
- Autorisasjon som sjukepleiar, anna relevant treårig høgskuleutdanning innan helse vert vurdert
- Du må ha førarkort klasse B
- Godkjend politiattest må leggast fram ved tilsetjing
- God framstillingsevne, både munnleg og skriftleg på norsk
- Ønskeleg med erfaring frå heimetenesta
Personlege eigenskapar
- Du likar å arbeide sjølvstendig og å ta ansvar på vakter
- Du har gode kommunikasjonsferdigheiter og samarbeider godt i eit tverrfagleg miljø. Du evnar å sjå samanhengar og bidra til heilskapleg tenking på tvers av avdelingar og arbeidsområde
- Du er fagleg trygg, modig og raus - og evnar å gjere tenesta, tilsette og brukarar gode
- Du er påliteleg, stabil og løysingsorientert, med stor evne til gjennomføring
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Tilbod om helsesjekk knytt til nattarbeid
- Kompetente og engasjerte kollegaer
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Individuell oppfølging
- Moglegheiter for støtte til etter- og vidareutdanning
- Løn i tråd med tariffavtaleverk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 462757036
- Sist endret

