Matros i sambandet Halhjem-Våge!
Maritim Drift, Fjord1 AS
- Frist 21.5.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Fjord1 søker ein matros til eit vikariat i sambandet Halhjem - Våge, trafikert av vår moderne elektriske ferje MF Kommandøren.
På dette sambandet jobbar ein døgnskift - du er om bord eitt døgn og har eitt døgn fri i 3 veker, deretter har du 3 veker samenhengande fri. I samband med skiftordninga bør ein bu innanfor rimeleg reiseveg til Halhjem eller Våge, då rederiet ikkje har bufasiliteter det døgnet ein har fri.
Som matros blir du ein del av eit dyktig team som sørgjer for trygg og effektiv drift. Du handterer lasting og lossing på ein sikker måte, held utkikk
og bidreg til vedlikehald som sikrar at alt fungerer som det skal. Hos oss får du ein variert kvardag saman med gode kollegaer.
Med kort reisetid – kun 30 minutt frå Bergen til Halhjem – er det enkelt å få ein god balanse mellom jobb og fritid.
Ønskeleg med oppstart så snart som mogleg. Vi vurderer kandidatar fortløpande.
Arbeidsoppgåver
- Billettering, bruvakt og forefallande arbeid om bord
- Alterneringsplikt mellom dekk og maskin
- Arbeidsoppgåver som vert pålagt av næraste overordna
- Oppgåver knytt til alarminstruks
- Verne- og miljøarbeid
- Kundehandsaming
Kvalifikasjonar
- Fagbrev matros eller nok fartstid til å mønstre matros
- Ferdigheitssertifikat grunnleggande sikkerheitsopplæring
- Krise- og passasjerhandtering
- Gyldig helseerklæring
- Skandinaviske språkkunnskaper muntleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
Vi ser etter ein påliteleg og løysingsorientert matros som trivst med samarbeid, men som òg kan ta ansvar og jobbe sjølvstendig når situasjonen krev det. Du set alltid sikkerheit og service først, har evna til å tenkje raskt og finne gode løysingar, og viser vilje til å lære og stå på når det trengst.
Vi tilbyr
- Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjømannsforbund.
- Skiftordning: 1 døgn om bord, 1 døgn fri. 3 veker på jobb og 3 veker fri.
- Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø.
- Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter, treningstøtte, behandlingsforsikring og gode rabattordningar.
Kontaktinformasjon
Benedicte Ellingsen, Rekrutteringsmedarbeider, 47887896, benedicte.ellingsen@fjord1.noArbeidssted
Halhjemsvegen 2755208 Os
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Fjord1 ASReferansenr.: 5125929113
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 21.05.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 462742330
- Sist endret


