Lærar
Austevoll kommune
- Frist 25.05.2026
- Ansettelsesform Fast
Bli lærar ved Austevoll ungdomsskule! Vi tilbyr eit utviklingsorientert miljø med fokus på meistring og gode relasjonar.
Ansvars- og arbeidsoppgåver
Austevoll ungdomsskule har ledig både fast og vikarstillingar som lærar til hausten. Det er ynskjeleg at våre nye kollegaer har undervisningskompetanse innanfor basisfaga norsk og matematikk. Det vil og vere aktuelt at våre nye kollegaer kan undervise i samfunnsfag, mat og helse og spesialpedagogikk/ITO
- undervisning
- kontaktlærar
- faglæraroppgåver
- arbeide i team med pedagogar, fagarbeidarar og miljøterapeuter
- følge opp elevar med særskilte behov
- delta og engasjere seg i heile skulens arbeid og utvikling
- bidra til å skape eit godt skulemiljø
Kvalifikasjonskrav
Formelle kvalifikasjonskrav
- grunnskulelærar GLU 5-10 eller anna godkjent utdanning for undervisning i ungdomsskulen
- ha utdanning innanfor basisfaga norsk og matematikk
- ønskeleg med utdanning/kompetanse i eit eller fleire av desse faga; samfunnsfag, mat og helse, spesialpedagogikk
har du anna relevant bakgrunn blir du også oppfordra til å søke
Personlege eigenskapar
- positivt med undervisningserfaring frå ungdomsskulen
- vere strukturert, sjølvstendig, fleksibel, løysingsorientert og ha evne til å motivere
- ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, vere inkluderande, ha pedagogisk engasjement og evne til nytenking
- vere ein tydeleg og dyktig klasseleiar og kan bruke IKT som naturleg arbeidsverktøy
- ha god skriftleg og munnleg kunnskap i norsk
personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Vi krev gyldig politiattest ved tilsetjing. Politiattesten skal ikkje leggjast ved søknaden, men visast fram før tilsetjing.
Vi tilbyr
- fleire stillingar som lærar, både som fast og vikariat
- moglegheit for fagleg utvikling i eit godt og positivt fagmiljø
- spanande utfordringar i ein utviklingsorientert skule
- løn etter kvalifikasjonar, kommunen har eit rekrutteringstillegg for lærarar på 12 300 kr. pr år, kontaktlærartillegget er på kr 32 000 kr pr år.
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- godt arbeidsmiljø med flinke og samarbeidsvillige kollegaer
For å betre kjønnsbalansen på arbeidsplassen vil vi oppmode menn til å søke
Slik søker du
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.
Det er søkar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som for eksempel attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv laste opp attesterte omsettingar.
Ikkje send søknad på e-post til enkeltpersonar i kommunen.
Vi gjer merksam på at i følge offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista blir offentleggjort.
Om arbeidsstaden
Kommunalområdet Oppvekst er ei eining med omlag 145 tilsette, og blir leia av kommunalsjefen. I denne eininga inngår Austevoll ungdomsskule, Storebø skule, Selbjørn skule, private barnehagar, PPT-kontor, helsestasjon, barnevern, vaksenopplæring, kulturskule og bibliotek. Oppvekst har som mål å leggja til rette for gode oppvekstvilkår for barn og unge, difor er folkehelsa og livsmeistring eit av fleire satsingsområde.
Austevoll ungdomsskule er ein MOT -skule og deltar i tilleggsprogrammet "Skulen som samfunnsbyggar". Skulen legg vekt på eit godt samarbeid og evner til å skape gode relasjonar til elevar og tilsette. Vi utviklar robuste ungdommar som inkluderer alle. Hos oss skal alle elevane oppleve meistring og oppleve å bli sett kvar dag. Skulen har ca. 235 elevar fordelt på 8.-10. trinn.
FerdigheterAI-generert
- Norsk
- Undervise i matematikk
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Austevoll er ein øykommune sør-vest i Vestland fylke. Austevoll er den største fiskerikommunen i landet med svært høg næringsaktivitet og byr på eit mangfald av spanande jobbar.
Kommunen sitt administrasjonskontor held til på kommunehuset på Storebø, cirka 5 minuttar med bil frå ferje- og snøggbåtkai.
Kommunen har eit folketal på om lag 5400 og dagleg pendlar omtrent 700 til Austevoll frå nabokommunar. Vi er rundt 450 fast tilsette som er opptatt av å gi innbyggarane våre gode kommunale tenester.
Vi kan tilby meiningsfylte og utfordrande oppgåver og gode, offentlege pensjons- og forsikringsordningar. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
Vi ønsker deg velkommen som søkar til stilling i Austevoll kommune!
- Sektor: Offentlig
- Sted: Kleivhaugen 2, 5392 Storebø
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Helse og omsorg, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Allmennlærer/kontaktlærer
Annonseinformasjon
- FINN-kode 462739022
- Sist endret
