Drift- og vedlikeholdsingeniør VVS/KEM
Helse Fonna HF
- Frist 31.05.2026
- Ansettelsesform Fast
Drift- og vedlikeholdsingeniør VVS/KEM
Vil du jobbe med avanserte tekniske anlegg i eit av regionens mest komplekse bygg? Drift‑ og vedlikehaldseininga ved Haugesund sjukehus søkjer ein engasjert VVS/KEM‑ingeniør som vil få ei nøkkelrolle i oppfølginga av sjukehuset sine VVS‑system, inkludert ventilasjon, varme, sanitær, kulde, medisinske gassar og trykkluft.
Drift‑ og vedlikehaldseininga ved Haugesund sjukehus driftar og vedlikeheld om lag 120 000 m² bygningsareal med tilhøyrande tekniske system, anlegg og utstyr fordelt på Helse Fonna sine 25 bygningar på Haugalandet.
Kva går jobben ut på?
- Drift, kontroll og vedlikehald av VVS tekniske‑anlegg og system ved sjukehus og DPS‑ar
- Tilstandskartlegging av vvs -tekniske anlegg og systemer
- Bidra til utarbeiding og oppdatering av drift og vedlikeholdsplanar basert på kartlagde behov
- Sikring av at drift og vedlikehald skjer i samsvar med relevante lover, forskrifter, standardar og interne krav
- Oppfølging av myndigheitskrav, tilsyn og dokumentasjonsplikt
- Energioppfølging (Enøk)
- Vidareutvikling av rutinar og prosedyrar
- Deltaking i tverrfaglege vedlikehaldsteam
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Ingeniør/fagskule innan VVS/KEM + relevant fagbrev
- Nyutdanna kandidatar blir òg vurderte
- Ønskeleg med erfaring frå drift av komplekse VVS‑system
- Gode IT‑kunnskapar
- Gode språkkunnskapar. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad
- Førarkort kl.B
Kva ser vi etter hos deg?
- Sjølvstendig og strukturert
- Gode samarbeidsevner og fagleg engasjement
- Ser etter løysningar
- Bidreg positivt til arbeidsmiljøet
Kvifor skal du velje oss?
- Varierte og spennande oppgåver i eit sterkt fagmiljø
- Gode pensjons‑ og forsikringsordningar
- Løn etter avtale
FerdigheterAI-generert
- B2 norsk språkprøve
- Bergenstesten
- Bransjekunnskap innen varme, ventilasjon, air condition og byggteknologi
- Drift og vedlikehold
- Kjennskap til lovverk og regelverk
- Rørlegger- og ventilasjonsarbeid
- Sanitærteknologi
- Ventilasjonssystemer
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Driftsoperatør/vaktmester, Ingeniør
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
velikeholdsingeniør
Annonseinformasjon
- FINN-kode 462645773
- Sist endret
