Vil du bli helsefagarbeidar hos oss? Me gir deg mentor første året.
Bømlo heimetenester
- Frist 20.5.2026
- Ansettelsesform Fast
Omsorg med meining – vil du bli vår nye kollega?
Bømlo heimeteneste har ledig to 100 % faste stillingar som helsefagarbeidar. Stillinga inneber turnusarbeid, med arbeid kvar 3. helg eller langvakter kvar 4. helg.
Hos oss får du ein meiningsfull arbeidskvardag der du er med og legg til rette for at menneske kan leve gode og trygge liv i eigen heim eller i tilrettelagt bustad. Me ser etter deg som ønskjer å gjere ein forskjell, og som vil vere ein del av eit engasjert og fagleg sterkt arbeidsmiljø.
Trygg start med mentorordning
Som nytilsett i Bømlo heimeteneste får du ein mentor det første året. Mentoren gir deg fagleg rettleiing, støtte i kvardagen og ei god innføring i arbeidsoppgåver, og arbeidsmiljø. Målet er at du raskt skal kjenne deg trygg i rolla, oppleve meistring og trivsel – og få ein god start hos oss.
Søk via Webcruiter – me gler oss til å høyre frå deg!
Din arbeidskvardag
- Heimesjukepleie og pleie- og omsorgsoppgåver i heim.
- Opplæring og rettleiing i heimen for å styrke eigenmeistring.
- Observasjon av helsetilstand, dokumentasjon og rapportering.
- Samarbeid med kollegaer og andre faggrupper i heimetenesta.
- Matombringing, praktisk hjelp i heimen og oppfølging av ernæring.
Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast.
Kvalifikasjonar
- Me ser etter deg som har fagbrev innan helse- og sosialfag, men oppmodar også søkjarar med interesse og relevant erfaring innan fagfeltet til å søkje.
- Du må ha førarkort klasse B. Tenestebilane har automatgir.
- Det er ønskeleg at du har relevant erfaring/praksis men dette er ikkje eit krav.
Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter Helse og omsorgstenestelova § 5.4.
Personlege styrkar
- Trivst med ein aktiv arbeidskvardag i møte med mennesker i ulike livssituasjonar.
- Samarbeidsorientert og trygg i sjølvstendig arbeid.
- Fleksibel, løysingsorientert og tilpassingsdyktig.
- Medverkar til eit godt arbeidsmiljø og positiv samhandling.
I vurderinga legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon for stillinga.
Hos oss får du:
- Moglegheiter for fagleg utvikling gjennom mentorordning og tett samarbeid med kollegaer.
- Spennande oppgåver som gir variasjon og fagleg vekst.
- Løn og arbeidsvilkår som gir deg tryggleik.
- Pensjon og forsikring som sikrar deg – både på jobb og i livet.
- Tilbod om medlemskap i velferdsklubb som gjev tilsettegoder både på kebaben og til fjells.
Praktisk informasjon:
- Me ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og oppmodar alle kvalifiserte søkjarar til å søkje – uavhengig av bakgrunn.
- Alle søkjarar kjem på offentleg søkjarliste. Vil du stå anonymt? Då må det vere særlege grunnar, jf. Offentleglova § 25.
- Send elektronisk søknad via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar. I søknaden vil du få nokre spørsmål knytt til din søknad for stillinga.
Har du spørsmål om stillinga eller rekrutteringsprosessen, ta kontakt med avdelingsleiar Elin Akse på telefonnr: 412 48119.
Kontaktinformasjon
Elin Akse, Avdelingsleiar Sone Sør, 412 48 119, Elin.Akse@bomlo.kommune.noHilde Markhus, Verksemdsleiar Bømlo heimeteneste, 909 49 278, Hilde.Markhus@bomlo.kommune.no
Arbeidsstad
Leirdalen 15430 Bremnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bømlo kommuneReferansenr.: 5120080203
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.09.2026
Søknadsfrist: 20.05.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 462640487
- Sist endret

