Vi har ledig vikariat som barne- og ungdomsarbeidar
Åseral kommune
- Frist 20.5.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Er du modig, endringsdyktig og raus? Då håper me du les vidare og vurderar å bli med på laget vårt.
Åseral barne- og ungdomsskule søkjer etter ein engasjert barne- og ungdomsarbeidar som brenn for meistring, inkludering og eit godt læringsmiljø. Me er ein skule med omlag 115 elevar som ligg vakkert til i Kyrkjebygda i sentrum av Åseral, med idrettsanlegg og naturen som vår utvida læringsarena.
For skuleåret 2026-2027 vert det ledig eit vikariat i inntill 100% stilling som barne- og ungdomsarbeidar ved Åseral barne- og ungdomsskule.
Arbeidsoppgåver
Som barn- og ungdomssarbeidar ved skulen vil ein ha variasjon i arbeidsoppgåvene, det kan mellom anna innebere:
- Oppfølging og veiledning kring enkeltelevar
- Vere ein ressurs for læring i klasserommet i tett samarbeid med kontaktlærarar og faglærarar
- Veiledning i friminutt
- Arbeid på skulefritidsordninga
Kvalifikasjoner
- Godkjend utdanning som barne- og ungdomsarbeidar eller tilsvarande kompetanse.
- Det må leggjast fram godkjend politiattest før tilsetjing.
Personlege eigenskaper
- Du er engasjert: Du har stor fagleg kompetanse og stort engasjement.
- Du er tydeleg: Du er ein tydeleg vaksen som er forutsigbar og set tydelege grenser.
- Du er modig: Du tør å prøve nye metodar, utfordre det etablerte og stå støtt i krevjande situasjonar.
- Du er endringsdyktig: Du har god endringskompetanse, er fleksibel og ser moglegheiter når planane må endrast.
- Du er raus: Du har eit positivt elevsyn, er ein god lagspelar for kollegaene dine og bidreg til eit varmt arbeidsmiljø.
- Personlege eigenskapar blir tillagt stor vekt.
Vi kan tilby
- Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande lover og tariffar
- Eit godt arbeidsmiljø med dyktige tilsette
- Me kan hjelpe til å finne bustad
- Barnehageplass
- Gratis SFO
https://xn--flytttilseral-wfb.no/
Kontaktinformasjon
Kari-Anne Fosse, SFO-leiar, 90622746, Kari-Anne.Fosse@aseral.kommune.noJo Tore Berg, Einingsleiar/rektor, 97768787, Jo.Tore.Berg@aseral.kommune.no
Arbeidssted
Bordalsbakken 104540 Åseral
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Åseral kommuneReferansenr.: 5103351386
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 03.08.2026
Sluttdato: 30.06.2027
Søknadsfrist: 20.05.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 462617254
- Sist endret

