Barne-og ungdomsarbeidar / helsefagarbeidar, ledige stillingar ved Valderøy barneskule, Basen og SFO
Giske kommune, Valderøy barneskule
- Frist 18.5.2026
- Ansettelsesform Fast
Vi har inntil 5 ledige stillingar, 2 faste og 3 vikariat som barne og ungdomsarbeidar / helsefagarbeidar ved Valderøy barneskule, Basen og SFO frå skuleåret 2026/2027.
Nokre av stillingane følgjer skuleruta med avkorting av løn (89 %). Oppgi i søknaden om du er aktuell for både vikariata og dei faste stillingane.
Valderøy barneskule er ein skule med om lag 460 elevar der 11 av borna går i Basen. SFO har om lag 190 born. Visjonen vår er «Med hjarte for læring» med fokus på vekst og varme.
Satsingsområdet for oppvekst i Giske kommune er inkluderande praksis som handlar om å til passe læringsmiljøet til mangfaldet av barn. Vi ønskjer å gi alle ei reel moglegheit til deltaking i det faglege og sosiale fellesskapet.
I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt.
Det er krav om politiattest av ny dato.
Dokumentasjon på utdanning og praksis skal sendast i lag med søknaden.
Arbeidsoppgåver
- Støtte, rettleie og hjelpe born med ulike behov til å meistre skulekvardagen og SFO.
- Gjennomføre aktivitetar med elevar ein til ein og i gruppe / klasser.
- Leike lære og utforske saman med borna både inne og ute.
- Ta initiativ til, og ta ansvar for ulike vaksenstyrte aktivitetar. Støtte born i samspel og leik.
- Hjelpe born med omfattande behov for tilrettelegging med praktiske oppgåver, stell og måltid.
- Støtte born i symjeundervisning.
- Samarbeide med føresette, kollega og leiing.
Kvalifikasjonar
- Vi ønskjer helst søkjarar med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller med autorisasjon som helsefagarbeidarar, men anna relevant utdanning og erfaring kan og vere aktuell.
- Kunne bygge gode, trygge relasjonar og stå i utfordringar.
- Kunne kommunisere klart og tydeleg på ein måte som etablerer god dialog.
- Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.
- God digital kompetanse.
Personlege eigenskapar
- Evne til å skape gode relasjonar til barn, føresette og medarbeidarar.
- Tydeleg og omsorgsfull vaksen.
- Evne og vilje til å møte barnet der det er og ha barnet sitt beste i fokus.
- Initiativrik, løysingsorientert, fleksibel og ansvarsbevisst.
- Gode samarbeidsevne med barn og vaksne.
Vi tilbyr
- Løn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.
- Eit godt arbeidsmiljø med gode og støttande kollegaer.
Kontaktinformasjon
Ragnhild Hauge Steffenssen, avdelingsleiar, 40234503Ingvild Hunnes Stavseng, avdelingsleiar, 90093092
Elina Kristin Berg, avdelingsleiar, 45491188
Gudmundur T. Gudjonsson, avdelingsleiar, 47334654
Oddfrid Reinlund, Rektor, +47 48023464
Arbeidsstad
Øvstevegen 196050 Valderøya
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Giske kommuneReferansenr.: 5120609856
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikar
Søknadsfrist: 18.05.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 462507929
- Sist endret
