VA-ingeniør 100 % fast stilling
VESTNES KOMMUNE
- Frist 25.5.2026
- Ansettelsesform Fast
Vil du jobbe med vatn og avløp i Vestnes kommune?
Arbeidsstad
Tekniske tenester har ansvar for plan- og byggesaksbehandling, landmåling, landbruk, forvaltning av kommunale vegar, grøntområde og avløpsanlegg, samt brann, feiing og tilsyn.
Hos oss får du arbeide med samfunnskritisk infrastruktur der du vil sikre trygg og berekraftig drift og bidra til reine nærmiljø. Vi planlegg fleire spennande prosjekt som du vil bli ein del av, noko som gir moglegheiter for varierte oppgåver og utfordringar innan fagfeltet.
Arbeidsoppgåver
Koordinere drift av kommunen sine avløpsanlegg (leidningsnett, slamavskiljarar, pumpestasjonar og silanlegg).
Planlegging/prosjektering og koordinering av sanering og nybygging av kommunale avløpsanlegg.
Sakshandsaming av påslepps- og utsleppssøknader, samt dialog med relevante partar.
Planleggje tilsyn med private avløpsanlegg/sprett avløp, og oppfølging av pålegg knytte til desse.
Gje fråsegner på vegner av fagområdet i plan- og byggjesaker.
Kommunen har ikkje eige vassverk, men det ligg til denne stillinga å ivareta kommunen sitt overordna ansvar for vassforsyninga.
Kvalifikasjonar
Minimum bachelor frå høgskule/universitet innanfor relevant fagområde.
Anna relevant utdanning vil også bli vurdert
God skriftleg og munnleg framstillingsevne
God kompetanse i brukt av digitale verktøy
Sertifikat, klasse B
Det er ønskeleg med erfaring frå offentleg forvaltning, relevant arbeid og prosjektering/prosjektkoordinering
Personlege eigenskapar
Ansvarsfull og sjølvstendig
Kunne ha god dialog med innbyggarar og andre
Gode samarbeidsevner
Engasjert i det aktuelle fagområdet
Vere strukturert og nøyaktig
Personlege eigenskapar vil bli lagt vekt på
Vi tilbyr
Stilling med eit viktig samfunnsoppdrag
Spennande og varierte arbeidsoppgåver
Fleksitidsordning
Triveleg og godt arbeidsmiljø
Lønn etter avtale
Tilsetjingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot.
Prøvetid er 6 månader i faste stillingar. Aktuelle søkjarar vert kalla inn til samtale eller intervju.
Referansar
Oppgi referansar
Søknad
Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det betyr at det berre er søknader sendt via vårt elektroniske søknadssystem som vil bli tatt i betraktning.
Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmål og registrerer din CV i søknadsskjemaet. Det er ikkje mogleg å sende vedlegg. Attestar og vitnemål må takast med til intervju.
Søkjarlista kan bli offentleggjort.
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Brugata 10, 6390 Vestnes
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Ingeniør, Vann- og miljøteknikk
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
kommunale avløpsanlegg, avløp, vatn, offentleg forvaltning, sakshandsaming
(1/2)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 462498616
- Sist endret

