Ledig stilling i Psykisk helse og rus
Aukra kommune Helse
- Frist 20.5.2026
- Ansettelsesform Fast
Ein av våre tilsette skal bli pensjonist og me ønskjer oss ein ny medarbeidar for å gjere teamet komplett. Liker du å være aktiv saman med andre, samtidig som du er kreativ og ikkje er redd for å ta ei utfordring? Då oppfordrar vi deg til å søkje:
80 % fast stilling som miljøterapeut
Aukra kommune ønskjer seg ny medarbeidar som kan verte ein del av eit solid team med gode fagfolk. Stillinga som miljøterapeut skal i hovudsak bistå personar med rettleiing i dagleglivets oppgåver som; helse, søknadar, bustad, økonomi, arbeid, aktivitet og fritid med meir. Arbeidet er i hovudsak på dagtid, men den som vert tilsett må kunne rekne med å arbeide på ettermiddag/kveld ved behov. Næraste leiar er avdelingsleiar.
Om avdelinga
Stillinga er organisert i psykisk helse og rus som høyrer til eining for Helse. Eininga består av legesenter, helsesjukepleie, fysio- og ergoterapi, samt psykisk helse og rus. Avdelinga består av 2 miljøterapeutar og 2 stillingar som psykiatrisk sjukepleier. Psykisk helse og rus driv lågterskeltilbod, førebyggjande arbeid, miljøarbeid og individuell oppfølging for personar med låge eller moderate psykiske helseproblem. Avdelinga er òg ein del av det psykiske helseteamet for barn og unge i Aukra kommune og er med i fleire tverrfaglege og interkommunale samarbeidsprosjekt
Vi ønskjer søkjarar med følgande kvalifikasjonar;
- 3- årig helse- og sosialfagleg utdanning på høgskolenivå
- Vidareutdanning innan psykisk helse, rus eller annan relevant utdanning.
Kvalifiserte søkjarar utan vidareutdanning må forplikte seg til å ta dette for å bli tilsett.
- Erfaring frå klinisk arbeid er ein fordel
- God på observasjon, kommunikasjon og samhandling
- Godkjent politiattest
- Sertifikat klasse B
- Digital kompetanse
- Godt munnleg og skriftleg språk (nynorsk)
- Personleg eigna for stillinga
- Fleksibel i tenesta og med gjennomføringsevne
Vi tilbyr
- Godt arbeidsmiljø og trivelege kollegaer
- Løn etter tariff
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Link til søknadsskjema: Søk her
Annonseinformasjon
- FINN-kode 462495032
- Sist endret





