Jobbspesialistar Nav region Bergen
Nav Bergen sentrum // Arbeid med støtte
- Frist 19.5.2026
- Ansettelsesform Fast
Nav Bergen sentrum utvidar Arbeid med støtte-teamet og søkjer tre engasjerte jobbspesialistar.
Vi ser etter deg som har tru på at alle menneske – uavhengig av utfordringar eller helseproblem – kan få og behalde ordinært arbeid med rett støtte. Du trivst i eit aktivt og oppsøkjande arbeid, byggjer relasjonar lett og handterer endringar og uforutsigbarheit på ein god måte.
Som jobbspesialist blir du del av eit sterkt fagmiljø og får solid fagleg støtte i teamet, frå metodereettleiar og frå regionen sitt fagnettverk. Dette er ei stilling for deg som ønskjer å bruke kompetansen din på noko som verkeleg betyr noko – for enkeltmenneske, arbeidsliv og samfunn.
Avdelinga består av 24 dyktige og engasjerte jobbspesialistar, fordelt på fire team ved Nav-kontora i Bergen. Vi jobbar tverrfagleg og med utgangspunkt i kvar einskild deltakar sine behov. Hos oss blir du ein del av eit inkluderande og engasjert fagmiljø, der samarbeid, kunnskapsdeling, kompetanseutvikling og fleksibilitet står sentralt.
Kontorstad for stillingane er Nav Bergen sentrum, Nav Bergen nord og Nav Bergen vest, men avdelinga leverer tenester til heile region Bergen.
I søknaden ber vi deg skrive kva som motiverer deg for stillinga, og korleis bakgrunnen din er relevant for rolla.
Stillingane er ledige frå 01.08.2026.
Kva går jobben ut på?
- kartleggje erfaringar, ressursar, interesser og jobbønskje hos arbeidssøkjarar, og leggje ein plan for vidare prosess mot jobb
- bistå i søkjeprosessen og gje jobbstøtte på arbeidsplassen
- bruke store delar av arbeidsdagen til å oppsøkje, byggje nettverk med og samarbeide aktivt med arbeidsgivarar
- følgje opp deltakarar på arbeidsplassen og involvere aktuelle samarbeidspartnarar
- engasjere og motivere deltakarar, arbeidsgivarar og kollegaer
- ha ansvar for framdrift i eigen portefølje, samt dokumentere og rapportere i eige fagsystem
- jobbe etter Supported Employment (SE)-metodikk
- bidra aktivt til at vi når målkravet vårt om 65 % overgang til løna arbeid
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
Du må ha
- fullført utdanning på minimum bachelornivå. Relevant erfaring og/eller utdanning kan kompensere for kravet
- rettleiingskompetanse og/eller erfaring frå rettleiing, motivasjonsarbeid eller oppfølgingsarbeid
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
Det er ein fordel om du har
- kompetanse innan arbeidsmarknad
- inkluderingskompetanse
- kjennskap til Supported Employment-metodikk
Kva ser vi etter hos deg?
- god til å byggje relasjonar og kommuniserer godt med ulike menneske
- har evne til å motivere og skape engasjement
- er strukturert, men fleksibel når situasjonen krev de
- løysingsorientert og initiativrik
Kvifor velje oss?
- meiningsfulle og varierte arbeidsoppgåver i tverrfaglege team
- eit inkluderande og engasjert arbeidsmiljø
- gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- kurs og opplæring innan SE-metodikk
- fleksibel arbeidstid, heimekontorordning og moglegheit for trening i arbeidstida
- god pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse
- stillingskode 1434 rådgjevar, med lønsspenn frå kr 630 000 til kr 660 000. For særs kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast.
Les meir om Nav som arbeidsgivar
Kontaktinformasjon
Unni Andersen, Avdelingsleder Arbeid med støtte region Bergen, 45774545, unni.andersen@nav.noArbeidssted
Møllendalsveien 85009 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: NavReferansenr.: 5117757261
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.08.2026
Søknadsfrist: 19.05.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 462493279
- Sist endret


