Helsefagarbeidar/student, to faste helgestillingar
Åseral kommune
- Frist 20.5.2026
- Ansettelsesform Fast
Fast helgestilling
Eining for omsorg har behov for å fylle på med fleire dyktige kollegaer. Vi søkjer difor etter deg som har fagbrev innan helsefag eller er student/skuleelev som studerer innan helsefag.
Helgestillinga er på dag/kveld med arbeid kvar 3. helg (17,14%). Stillingane er i utgangspunktet inne på Åseralsheimen.
Arbeidsoppgåver
Eininga har ansvar for helse- og omsorgstenester til dei som bur eller oppheld seg i kommunen.På Åseralsheimen har vi 5 sjukeheimsplassar, 2 plassar på korttidsavdeling, 13 omsorgsbustadar der 5 av desse er på skjerma avdeling for demente.
I heimetenesta har vi tenester til heimebuande som blant anna heimesjukepleie, praktisk bistand, tryggleiksalarm og matombringing frå eige kjøkken på Åseralsheimen. Eininga arbeider for at både pasientar, brukarar og pårørande skal føle seg godt ivaretekne, og at vi leverer tenester av høg kvalitet tilpassa den einskilde sitt behov.
Me er opptatt av at kvar enkelt pasient skal få gode og tilpassa tenester.
Arbeids og ansvarsområde er mellom anna:
- Utføre helse - og omsorgsoppgåver etter fagleg standard
- Kjenne til og bruke eininga sine prosedyrer og rutiner
- Syte for presis, oppdatert og utfyllande dokumentasjon i journalsystemet vårt - Profil
- Halde seg fagleg oppdatert
- Følgje eininga og avdelinga sine målsetjingar og yte tenester av god kvalitet innafor tildelte ressursrammer i samsvar med tenestemottakar sine vedtak
- Samarbeide og dele kompetanse på tvers av avdelingane
Kvalifikasjoner
Fagbrev som helsefagarbeider er ønskjeleg.
Studentar/elever som tek helsefaglig utdanning vil også bli vurdert, og blir oppmoda til å søkje.
Me ønskjer desse kvalifikasjonene:
- God helsefagleg kompetanse
- Gode samarbeidsevner på tvers av alle avdelingane
- Gode datakunnskaper
- Gode norskkunnskapar - både munnleg og skriftleg
- Søkjaren må ha førarkort klasse B
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Personlige egenskaper
- Gode samarbeidsevner – flink til å skape gode relasjonar og liker å jobbe i team
- Punktleg og strukturert
- God kjennskap til bruk av IKT
- Fleksibel og positiv
- Evne til nytenkning og sjå nye løysingar
- Glad i utfordringar
- Evne til å opptre sjølvstendig, tek ansvar og initiativ
- Interessert i å arbeide med eldre menneske
Det må leggjast fram godkjent politiattest før tilsetjing
Vi tilbyr
- Spennande arbeidsoppgåver
- Godt arbeidsmiljø
- Tariffesta løn og god pensjonsavtale i KLP
- Lokal lønnsavtale for elevar og studentar i relevant utdanning
Kontaktinformasjon
Camilla Verdal, Einingsleiar omsorg, 90952859, Camilla.Verdal@aseral.kommune.noArbeidssted
Bordalsbakken 104540 Åseral
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Åseral kommuneReferansenr.: 5124260811
Stillingsprosent: 17%
Fast
Søknadsfrist: 20.05.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 462473400
- Sist endret
