Bli ein del av Kraftlaget i barnehage og skule
Suldal kommune Overordna oppvekst
- Frist 22.5.2026
- Ansettelsesform Fast
Me ønskjer deg som set borna i fokus.
Om oss:
Oppvekstsektoren i Suldal består av barnehagar og skular, kvar med sine kvalitetar - frå mindre barnehagar og skular, oppvekstsenter og til større einingar med over 80 barnehageplassar og over 250 elevar. Me jobbar saman mot målet:
«Alle barn og unge i Suldal skal kvar dag oppleva meistring i eit inkluderande og trygt oppvekstmiljø som fremjar livslang læring»
Som fagarbeidar hos oss jobbar du tett på borna, kollegaene og lokalsamfunnet. Du ser raskt verknaden av arbeidet ditt, og du er med på å påverka kvardagen til barn og unge i Suldal.
Er du klar? Me treng deg!
Me har behov for dyktige fagarbeidarar på følgande einingar
Kjølvikstølen barnehage
Stølane barnehage
Vinjar barnehage avdeling Nesflaten
Erfjord skule
Marvik skule
Kven ser me etter?
Du har godkjent utdanning som barne og ungdomsarbeidar.
Du planlegg og gjennomfører aktivitetar i samarbeid med kolleger som vekker nysgjerrigheit, motivasjon, utvikling og læring hos borna.
Du bidreg til eit inkluderande og støttande miljø. Du jobbar for at alle born blir sett og får støtte til å utvikla seg.
Du er god på å variere metodar og er løysingsorientert, slik at ulike behov blir møtt.
Du samarbeider godt med kollegaer, føresette og andre.
Du er engasjert i borna sin kvardag og deltek aktivt i eininga sine faglege og sosiale aktivitetar. Du tenker at saman skapar me eit positivt miljø.
Kraftlaget – kva får du hos oss?
Arbeidsmiljø
Velferdsutvalet arrangerer fast sommarfest, kom-i-form-konkurransar, og fjellturar. Dei arrangerer og andre samlingar innimellom, og du kan då blant anna bli med på middag, kurs, kino eller foredrag.
Dette er frivillige aktivitetar, men gir gode moglegheiter for å bli kjent med kollegaer i heile Kraftlaget.
Fleksibilitet og kvardagsliv
Me gir ekstra lønnstillegg til pedagogar og prøver å vere fleksible for tilsette med faste arbeidsplanar, særleg ved behov knytt til familie og livssituasjon.
Utviklingsmoglegheiter
Me har ordningar for vidareutdanning og kompetanseheving, både internt og gjennom regionale fagnettverk.
Bu i Suldal
Dersom du bur i Suldal kan du få sletta deler av studielånet ditt. Du kan og prøvebu i ein av våre nye rekrutteringsbustadar.
Hjå oss i Suldal kommune får du:
Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
Engasjerte og dyktige kollegaer
Bedriftshelseteneste
Gode løns- og tilsetjingsvilkår over tariff
Nynorsk som administrasjonsspråk
Høve til innmelding i lokalt kunstlag for fast tilsette
Andre opplysningar:
Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju
Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltrede. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar
Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa
Kommunen følgjer offentlighetslova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarliste
Velkommen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg!
Link til søknadsskjema: Søk her
Annonseinformasjon
- FINN-kode 462394223
- Sist endret
