Lærar
Klepp kommune, Engelsvoll skule
- Frist 19.5.2026
- Ansettelsesform Fast
Engelsvoll skule har ledig ei fast lærarstilling på mellomtrinnet frå 01.08.26.
Vi søker deg som er ein engasjert, tydeleg og omsorgsfull lærar. Du har solid relasjonskompetanse, ei inkluderandre og robust klasseleiing og trivst med arbeid i eit profesjonelt læringsfellesskap.
Kjernekomponentane våre mot 2028 er "den engasjerte eleven", utvikling av "det profesjonelle læringsfelleskapet" og "digitalisering". Vi tar del i Kleppskulen sitt satsingsområde Oracy, tilbyr elevane ein hjernevennleg skulekvardag, utviklar vår eigen skaparverkstad (maker space) og brukar Lesson study som metode.
Skulen er sentralt plassert nær togstasjonen Klepp stasjon. Det er ca. 10 minutt å gå frå stasjonen opp til skulen. Skulen vår ligg nær Frøyandsvatnet med flotte natur- og aktivtetsområder, som skulen nyttar i ein aktiv og variert skulekvardag.
Dette skuleåret har vi 155 elevar og 23 tilsette; lærarar, barne- og ungdomsarbeidarar, miljørettleiare og skuleleiing (rektor og to avdelingsleiarar). I tillegg har vi skulekonsulent, byggdriftar og helsesjukepleiar. Det er høg trivsel, solid og variert kompetanse blant dei tilsette, og vi håper at du vil vera med å vidareutvikla dette til det beste for elevar og kollegaer.
Arbeidsoppgåver
- Vi søker etter deg som vil bidra til eit trygt, godt og inkluderande miljø for elevar og kollegaer. Det er difor viktig at ditt pedagogiske kompass er forankra i ein inkluderande pedagogikk der læring og utvikling skjer i aktivitet og saman med andre.
- Kjerneoppgåva er undervisning. I tillegg kan det bli aktuelt at du kan påta deg kontaktlæraroppgåver, og arbeider for eit ivaretakande og raust samarbeid med heimane. For å kunne tilby elevane ei praktisk, variert og inkluderande undervisning, arbeider du i team med skuleleiinga, lærarar og fagarbeidarar.
Kvalifikasjonar
- Du har godkjent undervisningskompetanse 1.-7. trinn eller 5.-10. trinn. Det er ein fordel om du har undervisningserfaring.
- Det er ein fordel om du har minimum 30 studiepoeng i engelsk og/eller norsk.
- Du har gode munnlege og skriftelege ferdigheiter, i tillegg er du trygg i pedagogisk bruk av digitale verktøy.
- Du evner å realisere LK-20.
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
- I høve til opplæringslova er tilfredsstillande politiattest ei forutsetning for tilsetting.
Personlege eigenskapar
- Vi er opptatt av at Engelsvoll skule skal vera ein god plass for alle å vere. Vi leitar difor etter deg som har god relasjonskompetanse, er ein dyktig klasseleiar, likar å arbeide i team, men som og kan arbeida sjølvstendig og ta avgjersler på eiga hand.
- Du har godt humør og er positiv bidragsyter inn i eit samla personale. Du er opptatt av å skape gode sosiale- og faglege resultat for elevar og kollegaer. Du er tydeleg og raus, er robust og har styrke til å handtera uforutsette situasjonar.
Vi tilbyr
- På Engelsvoll skule har vi det jillt. Vi tilbyr eit spennande og allsidig arbeid der du kan vere med på å gjere ein forskjell for elevane våre gjennom å vidareutvikla eit godt lærings- og arbeidsmiljø.
- Du vil sjøvsagt få støtte og opplæring for å kunne gjere ein god jobb. Veiledning for nyutdanna.
- Gode velferds- og forsikringsordningar.
- Lønn etter avtaleverk.
Kontaktinformasjon
Lise Følgesvold Pedersen, Rektor, +47 45036415, lise.folgesvold.pedersen@klepp.kommune.noKristine Andersen, Avdelingsleiar, mellomtrinn, +47 40458229, kristine.andersen@klepp.kommune.no
Arbeidsstad
Engelsvollvegen 914353 Klepp Stasjon
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Klepp kommuneReferansenr.: 5123714006
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 19.05.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 462383679
- Sist endret

