Undervisningsstilling helsefag
OPK-ST - Stord vgs, Vestland fylkeskommune
- Frist 18.5.2026
- Ansettelsesform Fast
Stord vgs. er ein framtidsretta og mangfaldig regionskule med breitt fagtilbod. Me tilbyr ei rekkje yrkesfaglege og studieførebuande utdanningsprogram, opplæring for vaksne, innføringstilbod, og me er i tillegg knutepunktskule for individuelt tilrettelagt opplæring. Stord vidaregåande skule ligg flott plassert midt i sentrum av Leirvik, med eitt skulebygg på Saghaugen og eit heilt nytt og moderne skulebygg på Vabakkjen. Skulen har lange tradisjonar for tett og godt samarbeid med næringslivet og bidreg med dette til å utvikla regionen.
Stord vgs. er skulen som førebur deg for framtida – FRAMTIDA LIGG OPEN
Skulen har ledig 30 prosent fast stilling med undervisning i programområdet Helse- og oppvekstfag. Stillinga blir knytt til den modulstrukturerte vaksenopplæringa som skulen tilbyr innanfor Helsearbeidarfaget.
Arbeidsoppgåver
- Undervisning i kompetansemål knytt til programfaga på helsefag.
- Oppfølging av deltakarar i praksis.
- Samarbeid med kollegaer og leiing i profesjonsfellesskapen.
- Samarbeid med næringsliv om formidling av læreplass til deltakarane.
Kvalifikasjonar
- Relevant yrkesfaglærarutdanning/faglærarutdanning/helsefagutdanning.
- God framstillingsevne i munnleg og skriftleg norsk.
- Alle undervisningsstillingar krev relevant fagleg og praktisk utdanning. Fylkeskommunen legg til rette for å ta yrkesteori og pedagogikk i stillinga. Søkjarar som ikkje oppfyller krava, kan tilsetjast på vilkår.
- Gjerne ha undervisningserfaring frå modulstrukturert opplæring i helsefag
Ved tilsetting vil det bli gjort ei samla vurdering av formell kompetanse, relevant erfaring og personlege eigenskapar som er relevante for stillinga
Personlege eigenskapar
- Du er inkluderande og oppteken av mangfald
- Du har god pedagogisk forståing
- Du er engasjert og positiv, og legg til rette for variert undervisning.
Vi tilbyr
- Lønn og lønnsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønnspolitikk
- Gode pensjons- og låneordningar i Statens pensjonskasse
- Engasjert fag- og arbeidsmiljø
- Spennande arbeid i samspel med elevar, føresatte og kollegaer.
Kontaktinformasjon
Anne Grete Berge Bjelland, avdelingsleiar, 95227581Arbeidsstad
Vikastemmo 355411 Stord
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 5120651999
Stillingsprosent: 30%
Fast
Startdato: 01.08.2026
Søknadsfrist: 18.05.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 462382472
- Sist endret

