Undervisningsstilling tilrettelagt opplæring
OPK-ST - Stord vgs, Vestland fylkeskommune
- Frist 18.5.2026
- Ansettelsesform Fast
Stord vgs. er ein framtidsretta og mangfaldig regionskule med breitt fagtilbod. Me tilbyr ei rekkje yrkesfaglege og studieførebuande utdanningsprogram, opplæring for vaksne, innføringstilbod, og me er i tillegg knutepunktskule for individuelt tilrettelagt opplæring. Stord vidaregåande skule ligg flott plassert midt i sentrum av Leirvik, med eitt skulebygg på Saghaugen og eit heilt nytt og moderne skulebygg på Vabakkjen. Skulen har lange tradisjonar for tett og godt samarbeid med næringslivet og bidreg med dette til å utvikla regionen.
Stord vgs. er skulen som førebur deg for framtida – FRAMTIDA LIGG OPEN
Stord vidaregåande skule har ledig fast undervisningsstilling i 100%, for tida knytt til tilrettelagt opplæring med undervisning i HTA og HTH-grupper.
Stillinga kan også bli knytt til individuelt tilrettelagt opplæring for einskildelevar i ordinære klassar.
Arbeidsoppgåver
- Planlegging, gjennomføring og evaluering av undervisning på avdeling
- Utarbeide mål og tiltak og bidra til å følge opp elevar sitt læringspotensial og sosiale kompetanse
- Gjennomføre og koordinere aktivitetar og opplæring i samarbeid med pedagogar og miljøarbeidarar
- Kontaktlærarfunksjon kan vera aktuelt. Bidra til eit godt skule-heim samarbeid
- Samarbeid med eksterne aktørar rundt eleven
- Delta i skulen sitt utviklingsarbeid
- Bidra til at elevar og tilsette på avdelinga opplever eit positivt og utviklande miljø
Kvalifikasjonar
- Grunnskulelærar eller tilsvarande utdanning m/spesialpedagogikk tilsvarande 60 studiepoeng
- Undervisningskompetanse i skulen sine øvrige fag vil vera ein føremon
- Ynskjeleg med kompetanse eller erfaring med bruk av ASK (alternativ supplerande kommunikasjon)
Personlege eigenskapar
- Er strukturert og fleksibel
- Trivst med å jobbe i team saman med pedagogar og miljøarbeidarar
- Har erfaring med skule-heim samarbeid og andre støttesystem kring elevane
- Ser mogleikar og er kreativ i planlegging og gjennomføring av undervisning
Vi tilbyr
- Lønn og lønnsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønnspolitikk
- Gode pensjons- og låneordningar i Statens pensjonskasse
- Engasjert fag- og arbeidsmiljø
- Spennande arbeid i samspel med elevar, føresatte og kollegaer
Kontaktinformasjon
Mona Ulgenes, avdelingsleiar, 93499806Arbeidsstad
Vikastemmo 355411 Stord
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 5121999075
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 18.05.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 462382100
- Sist endret
