Undervisningsstilling musikk
OPK-ST - Stord vgs, Vestland fylkeskommune
- Frist 18.5.2026
- Ansettelsesform Fast
Stord vgs. er ein framtidsretta og mangfaldig regionskule med breitt fagtilbod. Me tilbyr ei rekkje yrkesfaglege og studieførebuande utdanningsprogram, opplæring for vaksne, innføringstilbod, og me er i tillegg knutepunktskule for individuelt tilrettelagt opplæring. Stord vidaregåande skule ligg flott plassert midt i sentrum av Leirvik, med eitt skulebygg på Saghaugen og eit heilt nytt og moderne skulebygg på Vabakkjen. Skulen har lange tradisjonar for tett og godt samarbeid med næringslivet og bidreg med dette til å utvikla regionen.
Stord vgs. er skulen som førebur deg for framtida – FRAMTIDA LIGG OPEN
Musikklinja ved skulen har ledig 60 % undervisningsstilling i piano med hovudvekt på undervisning i rytmisk musikk.
Arbeidsoppgåver
- Planleggja, gjennomføra og evaluera undervisning
- Samarbeid med andre på skulen
Kvalifikasjonar
- Høgare musikkfagleg utdanning med hovudvekt på piano
- Pedagogisk utdanning og relevant erfaring
- Brei erfaring med ulike sjangrar
- Kunne akkompagnere instrumentalistar og songarar på høgt nivå
- Kompetanse til å undervise i samspel/band og i musikkteoretiske fag
Personlege eigenskapar
- Har gode evner til å kommunisera, rettleia og motivera
- Kan arbeide sjølvstendig og saman med andre
- Er systematisk og nøyaktig
Vi tilbyr
- Lønn og lønnsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønnspolitikk
- Gode pensjons- og låneordningar i Statens pensjonskasse
- Engasjert fag- og arbeidsmiljø
- Spennande arbeid i samspel med elevar, føresatte og kollegaer
Kontaktinformasjon
Jan Magne Olsen, ass. rektor , 99746234Arbeidsstad
Vikastemmo 355411 Stord
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 5121994178
Stillingsprosent: 60%
Fast
Startdato: 01.08.2026
Søknadsfrist: 18.05.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 462381969
- Sist endret
