Undervisningsstillingar realfag
OPK-ST - Stord vgs, Vestland fylkeskommune
- Frist 18.5.2026
- Ansettelsesform Fast
Stord vgs. er ein framtidsretta og mangfaldig regionskule med breitt fagtilbod. Me tilbyr ei rekkje yrkesfaglege og studieførebuande utdanningsprogram, opplæring for vaksne, innføringstilbod, og me er i tillegg knutepunktskule for individuelt tilrettelagt opplæring. Stord vidaregåande skule ligg flott plassert midt i sentrum av Leirvik, med eitt skulebygg på Saghaugen og eit heilt nytt og moderne skulebygg på Vabakkjen. Skulen har lange tradisjonar for tett og godt samarbeid med næringslivet og bidreg med dette til å utvikla regionen.
Stord vgs. er skulen som førebur deg for framtida – FRAMTIDA LIGG OPEN
Ved seksjon for realfag har skulen ledig inntil 200 % faste stillingar. Ein stor del av stillinga er å undervisa i naturfag og matematikk på ulike trinn og utdanningsprogram. Det er likevel ynskjeleg at søkjarane har erfaring med undervisinga ved yrkesfag der kompetanse i matematikk 1P-Y og i naturfag yrkesretning vil kunna bli prioritert. I tillegg er det en fordel med kompetanse i geografi.
Arbeidsoppgåver
- Planleggja, gjennomføra og evaluera undervisning
- Samarbeid med andre på skulen
Kvalifikasjonar
- Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse
- Undervisningskompetanse innan aktuelt fagområde
- Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggja fram godkjent politiattest
Personlege eigenskapar
- Interesse for ungdom og evne til å skapa gode relasjonar
- Evne til å engasjera elevar i læringsaktivitetar og skapa relevans i opplæringa
- Gode samarbeidsevner
Vi tilbyr
- Lønn og lønnsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønnspolitikk
- Gode pensjons- og låneordningar i Statens pensjonskasse
- Engasjert fag- og arbeidsmiljø
- Spennande arbeid i samspel med elevar, føresatte og kollegaer
Kontaktinformasjon
Joao Luis Adelino Freitas Loureiro, avdelingsleiar, 93031566Arbeidsstad
Vikastemmo 355411 Stord
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 5120112197
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 18.05.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 462381623
- Sist endret

