Lærarar
Brattvåg barneskule, Haram kommune
- Frist 18.5.2026
- Ansettelsesform Fast
Brattvåg barneskule søkjer motiverte og engasjerte lærarar som har lyst til å gjere ein forskjell for elevane våre og bli ein del av det kjekke teamet vårt, og som kan vere med å bidra til eit positivt, sosialt og lærande miljø for alle elevane.
Brattvåg barneskule er ein 1.-7. skule som ligg sentralt plassert i Brattvåg med fjell og sjø i nærleiken. Vi har over 200 elevar frå mange ulike nasjonar.
Skulen har innført leik og læring for dei minste trinna for å auke den sosiale tryggleiken, samt gjere overgangen mellom barnehage og skule mindre. Vi har også uteskule for alle trinna ein dag i veka for å gjennomføre ei annleis undervisning. Skulen har eit godt og tverrfagleg samarbeid med ulike instansar i kommunen.
Skulen er sertifisert som dysleksivennleg skule sidan 2017 og vi brukar nynorsk i opplæringa. Vi har eit særleg fokus på begrepsopplæring på trinna. Skulen har 1:1 dekning med Ipad-ar, men bruker også bøker i opplæringa.
I kommunalområde barnehage og skule har vi fleire kommunale barnehagar og skular. Vi ser etter deg som er engasjert og omsorgsfull, og som ønskjer å skape meiningsfulle og inspirerande kvardagar for barn. Bli med i teamet vårt og ver med å forme barna si framtid.
I Haram kommune er gode og heilskapelege tenester i fokus. Vi er opptatt av å jobbe på tvers av tenestene, for å saman skape robuste tilbod for innbyggjarar og næringsliv.
Arbeidsoppgåver
- Undervisning i ulike fag.
- Gi rettleiing til fagpersonell.
- Vere ein trygg vaksen i klasserommet som har struktur og evner å sjå kvar enkelt elev.
- Den som søkjer må rekne med å ta på seg kontaktlæraransvar.
- Delta og forplikte seg i pedagogisk utviklingssamarbeid både på trinn og i kollegiet generelt.
- Planleggje, gjennomføre og evaluere læringsarbeid for sine grupper og elevar saman med kollegaer.
- Klasseleiing, heim-skule-samarbeid og eksternt samarbeid.
Kvalifikasjonar
- Godkjend lærarutdanning 1. -7. trinn, evt. anna godkjend lærarutdanning.
- Fagkompetanse i ulike fag, musikk, kroppsøving/svømming, basisfag, lese- og skriveopplæring for dei minste. Gjerne erfaring med undervisning i fleirspråklege klassar.
- Generell IKT-kompetanse.
- Må ha gode norskferdigheiter.
- Du må ha tilfredsstillande politi- og tuberkulinattest.
Personlege eigenskapar
- Du er ein engasjert og bidragsytande lærar som likar å jobbe i team, som er strukturert, pliktoppfyllande og fagleg kompetent.
- Du er initiativrik, strukturert og sjølvstendig i arbeidet ditt.
- Du må vere løysingsorientert og fleksibel.
- Du må vere ein trygg og god vaksen som evner å sette grenser og lage forutsigbarheit for elevane.
- Du må vere god på relasjonsbygging.
- Du er ein tydeleg klasseleiar.
- Du må like å bruke naturen som alternativ læringsarena.
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
- Eit positivt, inkluderande og utviklingsorientert fellesskap.
- Systematisk kollektivt utviklingsarbeid.
- Ein skule som kan nytte fjord og fjell i nærområdet som alternative læringsarenaer.
- Eit arbeidsmiljø som er prega av godt samarbeid, samhald og engasjement.
- Tariffløn og pensjonsordning gjennom SPK.
Kontaktinformasjon
Unni Nerås Krogsæter, Tenesteleiar/rektor, 97560016, Unni.Neras.Krogsaeter@haram.kommune.noAnja Reiten , Assisterande rektor, 98693308, Anja.Reiten@haram.kommune.no
Arbeidsstad
Skulesvingen6270 Brattvåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Haram kommuneReferansenr.: 5117662084
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.08.2026
Søknadsfrist: 18.05.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 462375516
- Sist endret


