Avdelingsleiar barnebustad og barneavlastning
Tenesteområde Butenester, Haram kommune
- Frist 17.5.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Vår avdelingsleiar for barnebustad og avlastning skal ut i permisjon frå august. Vi søkjer derfor etter ein engasjert og nytenkjande avdelingsleiar til vår barnebustad i 100% mellombels stilling. Du må vere oppteken av leiing, fagutvikling og kompetanseutvikling. Som avdelingsleiar for barnebolig og barneavlastning vil du ha ansvar for oppbygging og tilbod til barn og unge under 18 år. Du får ansvar for å følgje opp fagleg utvikling, lovkrav og vil ha tett samarbeid med pårørande og tverrfaglege tenester.
Arbeidsstad for stillinga vil vere delt mellom Solbakken bukollektiv- avdeling barnebustad og kontoret til Butenesta i Brattvåg.
Stillinga er ledig frå 17.august.
Haram bustader består av tre avdelingar: Haram bustader 1 og 2 som består av bustader, Solbakken bukollektiv og dagsenter. Den tredje avdelinga er avdeling for barnebustad og barneavlastning.
I Haram bustader jobbar du i team med tenesteleiar, avdelingsleiarar, miljøterapeutar, vernepleiarar, sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, fagarbeidarar og assistentar.
Haram bustader yter i hovedsak tenester til menneske med psykisk utviklingshemming. Vi har fokus på å levere gode tenester med høg kvalitet, fagutvikling og kompetanseheving. Hos oss får du jobbe i eit miljø som er opptatt av samarbeid, tryggleik og utvikling. Butenesta er god på punkttenester.
Butenesta skal i ein 4-årsperiode framover ha fokus på å jobbe systematisk for å sette i system og implementere krav og mål til rettleiaren "Gode helse- og omsorgstenester til personar med utviklingshemming". I 2025 har avdeling Haram bustader 1 vore med i prosjektet TØRN, dette skal i løpet av 2026 implementerast ut i dei andre avdelingane.
Haram kommune er oppteken av gode, heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggjarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode.
Kommunalområde Helse og omsorg består av Haram omsorgstenester og Haram butenester. Vi har ansvar for brukarar i alle aldrar, med mange ulike behov. For oss er det viktig å gi gode, målretta tenester, slik at den einskilde mottek den hjelpa ein treng til rett tid og på rett nivå i tenestetilbodet vårt. Den viktigaste ressursen vår er dei tilsette og vi ynskjer å vere ein arbeidsplass der ein opplever trivsel og utvikling og meistrar oppgåvene ein er sett til å gjere. Vi veit at framtida vil krevje nye arbeidsformer i kommunalområdet, noko vi arbeider aktivt med å sette oss i stand til å møte på ein god måte.
Arbeidsoppgåver
- Mellomleiar med ansvar for dagleg drift, fagleg drift og personalansvar
- Leie og utvikle avdelinga i samsvar med vedtekne mål, budsjett, planar og overordna kommunale føringar
- Leie og utvikle avdelinga i samsvar med kommunen sine satsingsområde
- Leggje til rette for ein god dialog med tenestemottakarar, pårørande og andre delar av tenestetilbodet i kommunen
- Leggje til rette for eit godt samarbeid og skape aktive og motiverte tilsette
Kvalifikasjonar
- Bachelor i sjukepleie, vernepleie eller anna 3-årig helse- eller sosialfagleg u/h-utdanning.
- Du har erfaring frå arbeid med barn.
- Vidareutdanning i leiing/villig til å ta vidareutdanning i leiing
- Erfaring som leiar er ønskjeleg, men ikkje eit krav
- Beherske norsk som arbeidsspråk, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Vere engasjert i fag og leiing
- Evne til sjølvstendig, målretta, kreativt og innovativt arbeid
- God kjennskap til, og forståing for, kommunen sine oppgåver
- Løysingsfokusert og høg gjennomføringsevne
- Kunne sette deg raskt inn i nye oppgåver
- Gode kommunikasjonsevner
- Evne til å skape tillit, lytte og til å vere til stades
- Fleksibel, nytenkande og løysningsorientert
- Evne til å byggje nettverk, gode samarbeidsevner og like å jobbe i team
- Trivast å jobbe med menneske og like å rettleie andre
- God arbeidskapasitet.
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
- Fleksitid
- Eit godt og engasjert fagmiljø der vi er opptekne av utvikling og velferdsteknologi
- Eit godt samarbeidsklima i leiarteamet
- Ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i ein framoverlent kommuneorganisasjon
- Løn etter avtale
- God pensjonsordning
Kontaktinformasjon
Amanda Kristin Rise, Avdelingsleiar barnebustad og avlastning, 91161215, Amanda.Kristin.Rise@haram.kommune.noLinn Borgund, Tenesteleiar Haram bustader, 97595965, linn.borgund@haram.kommune.no
Arbeidsstad
Ulvestadvegen 66265 Vatne
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Haram kommuneReferansenr.: 5105763149
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 17.08.2026
Søknadsfrist: 17.05.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 462374449
- Sist endret



