Fast helgestilling- Miljøterapeut i barneavlastning/barnebustad.
Tenesteområde Butenester, Haram kommune
- Frist 22.5.2026
- Ansettelsesform Fast
Haram bustadar har ledig helgestilling som miljøterapeut. Arbeidsstaden er for tida ved avdeling barneavlasting/barnebustad. Stillinga er ei helgestilling med arbeid kvar 4. helg og har ein stillingsstorleik på 19,19 %. Søkjarar med treårig helse- eller sosialfagleg utdanning kan søkje stillinga.
Haram bustader yter tenester på følgjande område; tenester i bustad retta mot personar med diagnose utviklingshemming, dagsenter, avlastningsteneste for vaksne, barnebolig/avlastning og Solbakken bukollektiv.
Kommunalområde Helse og omsorg består av Haram omsorgstenester og Haram butenester. Vi har ansvar for brukarar i alle aldrar, med mange ulike behov. For oss er det viktig å gi gode og målretta tenester, slik at den einskilde mottek den hjelpa ein treng til rett tid og på rett nivå i tenestetilbodet vårt. Vår viktigaste ressurs er dei tilsette og vi ønskjer å vere ein arbeidsplass der ein opplever trivsel, utvikling og meistrar oppgåvene ein er sett til å gjere. Vi veit at framtida vil kreve nye arbeidsformer i kommunalområdet, noko vi arbeider aktivt med å sette oss i stand til å møte på ein god måte.
Haram kommune er oppteken av gode, heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggjarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode.
Arbeidsoppgåver
- Målretta miljøarbeid
- Vere nytenkande og kreativ for å imøtekome deltakarane sine behov og ønskje
- Bruk av hjelpemiddel dersom deltakarane har behov for dette
- Deltaking/samhandling med pårørande/verge og andre samarbeidspartnarar
- Dokumentering etter gjeldande prosedyrer og lovverk
- Fagutvikling - miljøterapeut vil ha fagansvar og koordineringsansvar i avdelinga
- Utarbeide, oppdatere og følgje opp tiltak og planar etter vedtak og behov
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar eller annan treårig høgskuleutdanning innan helse- og sosialfag
- Erfaring med å jobbe tverrfagleg og i team
- Erfaring frå arbeid med barn
- Meistre godt norsk både skriftleg og munnleg
- Førarkort kl. B
- Erfaring frå arbeid rundt menneske med psykisk utviklingshemming
- Tilfredsstillande politiattest
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som
- Viser initiativ og er kreativ
- Er kunnskapsrik og fagleg oppdatert
- Er pliktoppfyllande og sjølvgåande
- Har stor arbeidskapasitet og er ein utprega omsorgsperson
- Evnar å byggje relasjonar med deltakarar, kollegaer og andre samarbeidspartnarar
- Evnar å skape engasjement og har gode haldningar og moral
- Er ein lagspelar som bidreg til at felles mål blir nådd
- Er lojal og stabil
Vi tilbyr
- Ein kjekk arbeidsplass med moglegheit for personleg og fagleg utvikling
- Rom for å vere kreativ
- Løn etter gjeldande tariffavtale
Kontaktinformasjon
Amanda Kristin Rise, Avdelingsleiar barnebustad og avlastning, 91161215, Amanda.Kristin.Rise@haram.kommune.noLinn Borgund, Tenesteleiar, 97595965, linn.borgund@haram.kommune.no
Arbeidsstad
Ulvestadvegen 66265 Vatne
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Haram kommuneReferansenr.: 5118440840
Stillingsprosent: 19,19%
Fast
Startdato: 04.07.2026
Søknadsfrist: 22.05.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 462374297
- Sist endret


