Barnehagelærar og barne- og ungdomsarbeidar ved Gjerdane barnehage
Gjerdane barnehage, Stad kommune
- Frist 17.5.2026
- Ansettelsesform Fast
Gjerdane barnehage har ledig
- 100 % vikariat som barnehagelærar frå 15.08.26 til 14.08.27
- 100 % fast stilling som barne- og ungdomsarbeidar frå 15.08.26
- Det kan òg bli ledig ei stilling til som fagarbeidar
Gjerdane barnehage ligg nært Eid sentrum i Stad kommune og har fokus på likeverd, sosial kompetanse, språk, relasjonar og leik. Til hausten har barnehagen 71 barn, 12 barnehagelærarar, sju barne- og ungdomsarbeidarar, ein assistent og tre spesialpedagogar/logopedar,
Arbeidsoppgåver
Barnehagelærar:
- Arbeide systematisk og målretta med det pedagogiske utviklingsarbeidet i barnehagen
- Bidra til å skape eit trygt, godt og inkluderande barnehagemiljø
- Planlegge og gjennomføre den daglege oppfølginga av barna
- Samarbeide med føresette, interne og eksterne samarbeidspartnarar
- Samarbeide med øvrige tilsette
- Rettleiingsansvar for øvrige tilsette
Barne- og ungdomsarbeidar:
- Dagleg oppfølging av barna
- Skape eit trygt, godt og inkluderande barnehagemiljø
- Legge til rette for leik som gir læring og utvikling for barna
- Delta og bidra i samarbeid med kollegaer og føresette
Kvalifikasjonar
Barnehagelærar:
- 3-årig høgskuleutdanning som barnehagelærar/førskulelærar
Barne- og ungdomsarbeidar / fagarbeidar:
- Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar
- Ufaglærte med motivasjon til å ta fagbrev innan rimeleg tid kan bli vurderte
Personlege eigenskapar
- Du tek initiativ og har gode evner til samarbeid og kan jobbe sjølvstendig
- Du har evne til å sjå det enkelte barnet
- Du er ein trygg omsorgsperson og ein god rollemodell
- Du kan kommunisere med menneske med ulik kulturell- og sosial bakgrunn og med ulike livssyn
- Du har gode evner til kommunikasjon på norsk, både munnleg og skriftleg
Vi tilbyr
- Ein spanande, variert og meiningsfull arbeidskvardag
- Godt arbeidsmiljø med fagleg dyktige medarbeidarar
- Godt og nært fagleg samarbeid
- Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med avtaleverket
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Stad kommune har seks månader prøvetid. Politiattest skal leggjast fram ved tilsetjing.
Vi ber om at vitnemål og attestar vert lasta opp saman med søknaden. Vi ønskjer at du oppgir referansar.
Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
For meir informasjon ta kontakt med styrar Tove Hanebrekke Starheimsvik, tlf 952 15 829.
Kontaktinformasjon
Tove Hanebrekke Starheimsvik, Styrar Gjerdane barnehage, 952 15 829, tove.hanebrekke.starheimsvik@stad.kommune.noArbeidsstad
Fossevegen 26770 Nordfjordeid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stad kommuneReferansenr.: 5119952583
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikar
Søknadsfrist: 17.05.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 462344586
- Sist endret


