Barne- og ungdomsarbeidar
Ørskog skule
- Frist 17.5.2026
- Ansettelsesform Fast
Vi har ledig 2x100 % fast stillingar ved Ørskog skule og SFO.
Vi treng fagarbeidarar i skulen som kan støtte og tilrettelegge for elevar, som har behov for assistanse, gjennom skulekvardagen.
SFO har som mål å gi borna frå 1.-4. trinn tilsyn og omsorg utanom den obligatoriske skuledagen.
Alle born i skule og sfo skal oppleve tryggheit, respekt, tillit og likeverd. Vi har fokus på sosialisering, fellesskap og omsorg.
Ørskog skule og sfo er godt organisert, og nyttar skulelokala og uteområda på ein kreativ og inspirerande måte. Uteområdet er stort og variert; idrettsanlegg, bibliotek, naust, stall, sjø, elv, skog og fjell ligg i umiddelbar nærleik.
Vi har eit dyktig og engasjert personale som samarbeider for å skape eit trygt og godt miljø for borna.
Arbeidsoppgåver
- Legge til rette for leik, kultur og fritidsaktivitetar med utgangspunkt i borna sin alder, funksjonsnivå og interesser.
- Planlegge, tilrettelegge og gjennomføre ulike pedagogiske aktivitetstilbod for å stimulere til vekst og utvikling.
- Delta i samarbeidsteam.
- Gi barna omsorg og tilsyn.
Kvalifikasjonar
- Fortrinnsvis fagarbeidar i barne- og ungdomsarbeidarfag.
- Det er ønskeleg med erfaring frå arbeid med barn med spesielle behov med fokus på åtferd og rolleforståing.
- Beherske norsk skriftleg og munnleg
- På grunn av samansettinga i personalgruppa blir menn oppfordra til å søke.
Personlege eigenskapar
- Har gode samarbeidsevner og gode kommunikasjonsferdigheiter
- Trivest i ein aktiv kvardag med barn.
- Er ein lagspelar.
- Er bevisst rolla som vaksen, og er tydeleg, klok og omsorgsfull i relasjon til andre.
- Er positiv, engasjert, fleksibel og løysingsorientert.
Vi tilbyr
- Flotte lokaler og uteområde.
- Positivt, inkluderande og utviklingsorientert arbeidsfellesskap.
- Spennande og utfordande arbeidsoppgåver.
- Tilsetting i IA-bedrift
Kontaktinformasjon
Kjell-Øyvind Aarseth, Rektor, +47 70 16 59 51
Arbeidsstad
Ryssebøvegen 2
6240 Ørskog
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ålesund kommune
Referansenr.: 5117606556
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 17.05.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 461910409
- Sist endret

