Miljøarbeidar
Bremnes ungdomsskule, Bømlo kommune
- Frist 14.5.2026
- Ansettelsesform Fast
Vil du bidra til ein trygg og god skulekvardag?
Bremnes ungdomsskule har ledig 70% stilling som miljøarbeidar, der 50% er fast, resten mellombels.
Me søkjer ein omsorgsfull og trygg miljøarbeidar som skal gi individuell tilrettelegging og oppfølging i skulekvardagen.
Bremnes ungdomsskule (BUS) er ein moderne og attraktiv skule, sentralt plassert på Leite på Bremnes, vegg i vegg med Bømlo symjehall og sentralidrettsanlegget. Skulen har 365 elevar og 60 tilsette. Ved BUS er det gode rammer for ein trygg og inkluderande skulekvardag, der vi arbeider saman for trivsel, meistring og fagleg utvikling. Elevane ved BUS kjem frå fem barneskular: Svortland skule, Rubbestadneset skule, Meling skule, Gilje skule og Våge skule.
Arbeidsoppgåver
- Personleg oppfølging av elev i skuledagen
- Praktisk tilrettelegging og støtte i undervisning og friminutt
- Bistand ved forflytting, på- og avkleding og hygiene
- Samarbeid med skulen sitt fagmiljø, støtteapparat og føresette
- Bidra til struktur, føreseielegheit og tryggleik i kvardagen
- Observasjon og enkel dokumentasjon i tråd med rutinar og retningslinjer
Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast.
Kvalifikasjonar
Kvalifikasjonskrav:
- Fagbrev som helsefagarbeidar eller barne‑ og ungdomsarbeidar
- Relevant erfaring kan kompensere for manglande formell kompetanse
Ønska kvalifikasjonar:
- Erfaring med arbeid knytt til pleie, stell og praktisk bistand
- Erfaring frå arbeid med barn og/eller ungdom, gjerne frå skule eller tilrettelegging
- Kunnskap om habilitering, tilrettelegging og elevoppfølging
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- Det er ein fordel med erfaring frå arbeid med elevar med samansette behov
Personlege eigenskapar
- Trygg, roleg og profesjonell i møte med elev
- Evne til å byggje tillit og skape ein føreseieleg kvardag
- Strukturert og ansvarsmedviten i utføring av arbeidsoppgåver
- Gode samarbeidsevner i møte med lærarar, føresette og støtteapparat
- Tålmodig, omsorgsfull og løysingsorientert
- God vurderingsevne i situasjonar som krev diskresjon og fagleg skjønn
Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon for stillinga.
Vi tilbyr
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver i ein flott kommune
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
- Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk
- Som tilsett får du tilbod om medlemskap i velferdsklubb som gjev tilsettegoder
Andre opplysingar
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter Opplæringsloven § 17-11, jf. politiregisterloven § 39 første ledd, Helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.
- Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn.
- Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentlig søkerliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25.
Synest du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar som stadfestar tidlegare arbeidsforhold. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din.
Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med rektor ved Bremnes ungdomsskule Christin Klubben.
Kontaktinformasjon
Christin Klubben, Rektor, +47 957 74 456, christin.klubben@bomlo.kommune.noArbeidsstad
Idrettsvegen 915430 Bremnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bømlo kommuneReferansenr.: 5120897176
Stillingsprosent: 70%
Anna
Startdato: 01.08.2026
Søknadsfrist: 14.05.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 461874613
- Sist endret
