Sjukepleiestudentar som pleieassistent på Gastrokirurgen
Post 1 gastrokirurgi nedre, Helse Bergen HF, Kirurgisk klinikk
- Frist 15.5.2026
- Ansettelsesform Fast
Vi har ledige faste helgestillingar for sjukepleiarstudentar ved Kirurgisk Klinikk post 1.
Kirurgisk Klinikk post 1 er ein del av avdeling for Gastro- og akuttkirurgi, og tar hand om pasientar med sjukdommar i heile mage-tarmsystemet.
Post 1 har 40 senger og ca 69 årsverk. Posten har ein høg andel elektive pasientar, og mange er alvorleg sjuke. Vi jobbar mye med innovasjons og forbetringsprosjekt.
Dei tilsette jobbar aktivt med ressurspersonoppgåver og vi jobbar heile tida med å heve vår faglege kompetanse. Pleieassistentar jobbar i team med sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og pleieassistenter på posten, samtidig som ein jobbar tverrfagleg med kirurgar, fysioterapeutar og anna personale.
Dette er ein spennande, lærerik, travel og fantastisk avdeling å jobbe på. Som pleieassistent hos oss vil du raskt opparbeide deg eit godt klinisk blikk, jobbe i eit godt arbeidsmiljø og ved nokre anledningar få øve på prosedyrar.
Pleieassistentar jobbar i todelt turnus, men ved ektravakter kan ein få tilbod om nattevakter.
Arbeidsoppgåver
- Pleie til kirurgiske pasientar, pre- og postoperativt
- Pleie til palliative pasientar
- Pleie til pasientar som kjem inn som øyeblikkeleg hjelp
Kvalifikasjonar
- Meistre norsk skriftleg og munnleg
- Ha relevant pleieerfaring, eller vore hos oss i praksis som sjukepleiarstudent eller i praksis som helsefagarbeidar
- Vere student med helsefagleg bakgrunn
Personlege eigenskapar
- Pasientorientert
- Tilpassingsdyktig
- Ansvarsbevisst
- Fleksibel
- Gode kommunikasjonseevner
- Vere ein god teamarbeidar
- Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
- Like varierte utfordringar
- Sjølvstendig
- Engasjert
Vi tilbyr deg
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
- Fagleg og personleg utvikling
- Sjukepleiefagleg rettleiing
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Anette Haatuft Haugland, Seksjonsleiar øvre , 55973408May-Britt Sudmann, Seksjonsleiar nedre , 55973402
Arbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5113746632
Stillingsprosent: 15%
Fast
Startdato: 01.06.2026
Søknadsfrist: 15.05.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 461870128
- Sist endret
