2.gongsutlysing - Pedagogstillingar i vikariat til barnehagane i Kviteseid.
Velferd, Kviteseid kommune
- Frist 17.5.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Vil du vere med og skape gode, trygge og utviklande kvardagar for barna våre?
Barnehagane i Kviteseid kommune har no ledige pedagogstillingar i vikariat med samla stillingsstorleik på inntil 200% med moglegheit for fast.
Stillingane er knytte til dei to kommunale barnehagane:
Kviteseid barnehage
Brunkeberg barnehage
Vrådal barnehage
Arbeidsoppgåver
- Planlegging, gjennomføring og vurdering av pedagogisk arbeid
- Medansvar for eit trygt og godt barnehagemiljø
- Rettleiing og samarbeid med medarbeidarar
- Samarbeid med føresette og eksterne samarbeidspartnarar
Kvalifikasjonar
- Godkjend utdanning som barnehagelærar, eller anna pedagogisk utdanning. Likeverdig med barnehagelærarutdanning er ana treårig pedagogisk utdanning på høgskulenivå med vidareutdanning i barnehagepedagogikk
- Krav til norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Engasjert og fagleg trygg
- Gode samarbeidsevne
- Fleksibel og løysingsorientert
- Evne til å byggje gode relasjonar med barn og vaksne
Vi tilbyr
- Eit inkluderande og fagleg sterkt arbeidsmiljø
- Fagleg utvikling
- Løn og arbeidsvilkår i tråd med gjeldande avtaleverk
- Tillegg i løn for pedagogiske leiarar på 30 000 kroner i året forhandla fram av utdanningsforbundet
Kontaktinformasjon
Erna Lønnegraff, Leiar Vrådal barnehage, 35055325Anette Strømstad, Leder(undervisning) Brunkeberg barnehage, 98466910
Eva Lundeberg, Leiar Kviteseid barnehage, 35055310
Siw Børresen, Rådgiver(undervisning), 98606350, siw.borresen@kviteseid.kommune.no
Arbeidsstad
Kviteseidgata 133850 Kviteseid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kviteseid kommuneReferansenr.: 5122055255
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 12.08.2026
Søknadsfrist: 17.05.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 461848534
- Sist endret

