ID 1061 Ferievikar NAV - Oppfølgingstenesta innan rus
Nav Fitjar - Oppfølgingstenesta innan rus
- Frist Snarest
Vil du gjere ein forskjell, når det trengst som mest?
Oppfølgingstenesta innan rus i Fitjar kommune søkjer no engasjerte og varm ferievikar frå veke 26. Dette er ei unik moglegheit for deg som vil bidra til å skape tryggleik, meistring og håp i kvardagen til menneske som strevar med rusutfordringar.
Kva inneber jobben?
Som ferievikarvikar vil du:
-
Vere ein støttespelar i kvardagen både praktisk og menneskeleg
-
Delta i samtalar som gir retning og motivasjon
-
Bidra til aktivitetar og fellesskap som styrkar livskvaliteten
-
Samarbeide med fagpersonar og pårørande
-
Dokumentere og følgje opp tiltak
Kven er du?
Vi ser etter deg som:
-
Sjukepleiar, vernepleiar eller student innan desse faga.
-
Har erfaring eller interesse for rus og psykisk helse
-
Er trygg, lyttande og god på relasjonar
-
Har sertifikat og kan stille på kort varsel
-
Har humor, engasjement og eit hjarte for menneske
Vi tilbyr:
-
Eit inkluderande og fagleg sterkt arbeidsmiljø
-
Varierte og meiningsfulle arbeidsdagar
-
God opplæring og støtte frå erfarne kollegaer
-
Løn og vilkår etter gjeldande avtalar
Vil du bli ein del av eit team som jobbar med hjartet først? Send oss ein kort søknad, vi vil gjerne bli kjent med deg!
Annonseinformasjon
- FINN-kode 461844897
- Sist endret