Barnehagelærar ved Vigra barnehage
Giske kommune, Vigra barnehage
- Frist 12.5.2026
- Ansettelsesform Engasjement
Vigra barnehage har ledig 100 % engasjementstilling som barnehagelærar. Tilsetjinga gjeld for barnehageåret 2026/2027, men kan bli forlengt.
Midt på vakre Roald, omringa av natur på alle kantar, ligg Vigra barnehage. Der skal både små og store kjenne at "i dag var det bra eg kom". Vi har 3 avdelingar i barnehagen, ei småbarnsavdeling og to storbarnsavdelingar. Her jobber vi målretta for å skape eit inkluderande, trygt og utviklande miljø for alle barn.
Kven er du? Vi søkjer ein barnehagelærar som:
- har eit varmt engasjement for barn og barndom
- jobber bevisst for å byggje gode relasjonar med både barn, foreldre og kollegaer
- er leiken, til stades og oppriktig glad i å vere saman med barna
- samarbeidar godt og bidreg positivt inn i arbeidsmiljøet
- ønskjer å vere med og utvikle ein barnehage der livsmeistring, inkludering og fellesskap står sterkt
- er glad i å vere ute og bruke naturen som ein pedagogisk arena
Giske kommune og Vigra barnehagen har dei siste åra jobba for å skape ein inkluderande praksis. Det betyr at vi jobbar for å tilpasse læringsmiljøet til mangfaldet hos barna, og gi alle ei reell moglegheit til å vere aktive deltakarar i både det faglege og sosiale fellesskapet. Framover kjem barnehagen til å ha fokus på eit "Trygt og godt barnehagemiljø". Det betyr at vi jobbar for at alle barn som går i barnehage får ein god barndom der trivsel, vennskap og leik er fundamentalt, og der barna er ein del av eit trygt fellesskap.
Kvifor Vigra barnehage? Hos oss får du:
- ein arbeidsplass med høg fagleg bevisstheit og varme verdiar
- eit personale som heier på kvarandre
- ein naturleikeplass rett utanfor døra i form av både skog, fjøre og fjell
Vil du bli betre kjent med oss så sjekk oss gjerne ut på Facebook: https://www.facebook.com/vigra.barnehage
Menn blir oppmoda om å søkje.
I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt.
Det er krav om politiattest av ny dato.
Dokumentasjon på utdanning og praksis skal sendast som vedlegg til søknaden.
Arbeidsoppgåver
- Fagleg medansvar for pedagosisk målrett arbeid i barnehagen
- Ansvar for å planlegge, gjennomføre, utvikle og evaluere prosjekt og anna pedagogisk arbeid i tråd med rammeplan, kommunale og interne planar
- Fordele arbeidsoppgåver og ha kjennskap til alle deler av arbeidet i barnehagen
- Ansvar for å observere, vurdere og dokumentere
- Sikre eit godt samarbeid i personalet og med foreldra
- Ansvar for at alle barna på avdelinga har eit trygt og utviklingsstøttande læringsmiljø.
Oppgåver kan bli endra ved behov.
Kvalifikasjonar
- Barnehagelærarutdanning
- God digital kompetanse
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Kontaktinformasjon
Sonja Roaldsand Skodje, einingsleiar, +47 41702315Arbeidsstad
Bakarvegen 86040 Vigra
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Giske kommuneReferansenr.: 5120098969
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Søknadsfrist: 12.05.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 461761715
- Sist endret
