Lærar i programfag (60% fast) - Sal, service og reiseliv
STEND Vgs
- Frist 17.5.2026
- Ansettelsesform Fast
Stend vidaregåande skule har om lag 550 elevar innan naturbruk, idrettsfag, sal, service og reiseliv, påbygging til generell studiekompetanse og klassar med redusert elevtal. Skulen ligg vakkert til ved Fanafjorden i Bergen kommune og har om lag 200 tilsette. Stend vidaregåande skule arbeider aktivt med å utvikle organisasjonen og studietilbodet, slik at tilbodet til den einskilde eleven skal bli best mogleg. Skulen har store ambisjonar, og har som mål å vere leiande innanfor dei programområda skulen tilbyr. Stend har fokus på læring gjennom praksis og tett samarbeid med næringslivet. Skulen har for tida 10 klassar med redusert elevtal innan yrkesfagleg grunnutdanning, arbeidstrening og kvardagslivstrening. I tillegg gjev skulen nokre elevar opplæring gjennom individuelle tiltak.
Vi søkjer ein engasjert, tydeleg og relasjonssterk lærar til programfaga på yrkesfagleg utdanningsprogram Sal, service og reiseliv. Vi ønskjer oss ein lærar som kombinerer god praktisk forståing med eit sterkt elev- og menneskesyn, og som ser moglegheiter der andre ser utfordringar.
Arbeidsoppgåver
- Undervisning i programfag på Sal, service og reiseliv
- Planlegging, gjennomføring og vurdering av praktisk og yrkesrelevant opplæring
- Tilrettelegging for meistring og fagleg og sosial utvikling hos elevane
- Bidra til å knyte opplæringa tett opp mot arbeidsliv og vidare løp
- Aktiv deltaking i profesjonsfellesskapet og samarbeid med kollegaer
- Oppfølging av elevar både fagleg og sosialt
Kvalifikasjonar
- Relevant fagleg bakgrunn innan sal, service og/eller reiseliv
- Praktisk erfaring frå arbeidsliv relevant til programfaga
- Undervisningskompetanse og pedagogisk utdanning
- Kvalifiserte søkjarar utan pedagogisk undervisningskompetanse kan tilsetjast på vilkår
- God forståing for yrkesfagleg opplæring og ungdom sine læringsbehov
- Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
Vi ser særleg etter deg som:
- Er nevenyttig og praktisk anlagt
- Er løysingsorientert og ser moglegheiter der andre ser avgrensingar
- Er tydeleg, trygg og strukturert i møte med ungdom
- Har eit godt elev- og menneskesyn
- Er flink med ungdom og byggjer gode relasjonar
- Har god forståing for sosial kompetanse og korleis denne kan utviklast gjennom fag og opplæring
- Samhandlar godt med kollegaer og bidreg aktivt inn i det profesjonsfaglege miljøet
Vi tilbyr
Løns- og arbeidsvilkår fastsett i lov og avtaleverk.Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
Stend er ein arbeidsplass med godt sosialt miljø og stor fagleg breidde, der du vert inkludert i eit aktivt og positivt miljø.
Andre opplysningar:
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje fram politiattest.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Tine Omdal Laskemoen, avdelingsleiar, 99716796Arbeidsstad
Fanavegen 2495244 Fana
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 5120851250
Stillingsprosent: 60%
Fast
Startdato: 01.08.2026
Søknadsfrist: 17.05.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 461746110
- Sist endret

