ID 1059 Fagarbeidar SFO - Rimbareid barne- og ungdomsskule og Sælevik Skule
Rimbareid og Sælevik Skule SFO
- Frist 17.5.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Rimbareid barne- og ungdomsskule og Sælevik skule søker etter barne- og ungdomsarbeidar til arbeid i skulefritidsordninga (SFO), vikariat
På SFO får barna ein trygg opphaldsplass med omsorgsfulle vaksne rundt seg. Her vert det lagt til rette for leik og aktivitet både ute og inne, samt kultur- og fritidsaktivitetar tilpassa det enkelte barnet sitt behov.
Mange skular tilbyr også SFO i skuleferiar og på planleggingsdagar. Opningstida varierer frå skule til skule, og nokre skular tilbyr både heiltids- og deltidsplass.
SFO er eit frivillig tilbod til:
• elevar i grunnskulen sitt 1. til 4. trinn
• elevar med særskilde behov i 1. til 7. trinn
Om SFO-tilboda ved skulane:
Rimbareid SFO held til i skulen sine nye lokale knytt til 1. klasse.
Opningstid: Morgon: frå kl. 06.45 og etter skuledagen: til kl. 16.15
Sælevik SFO held til i skulen sine lokale.
Opningstid: Morgon: frå kl. 07.00 og etter skuledagen: til kl. 16.00
Ledige stillingar:
Rimbareid skule, SFO ettermiddag
Frå 01.08.2026 er det ledig eit årsvikariat, ca. 34 % stilling.
Sælevik skule, SFO ettermiddag
Frå 01.08.2026 til våren 2027 er det ledig vikariat på ettermiddagstid, ca. 30 % stilling.
Det kan bli fleire ledige fagarbeidarvikariat fram mot skulestart. Denne søknadslista vil då bli nytta.
Me søkjer etter ein medarbeidar som har:
-
fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget
-
assistent med realkompetanse frå skule og SFO kan og bli vurdert
-
god kommunikasjon og samarbeidsevne
-
evne til å ta initiativ og arbeida målretta og sjølvstendig
-
evne til å vera fleksibel og løysingsorientert
-
god kjennskap til skulen sine ulike oppgåver
I tillegg til formell utdanning og praksis vert det lagt vekt på personlege eigenskapar.
Me tilbyr:
-
Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lover, reglement og tariffavtalar.
-
interessante og utviklande arbeidsoppgåver i eit støttande, triveleg og profesjonelt arbeidsmiljø. Me har fokus på å vidareutvikla ein inkluderande skule.
Send inn oppdatert CV og referansar når du søkjer. Godkjente kopiar av vitnemål og attestar vert etterspurt i samband med innkalling til intervju.
Søkjarar må leggja fram politiattest før dei tek til i stillinga, jf. Opplæringslova §17-11
Kontaktperson Sælevik skule er rektor Elisabeth Kjærland, e-post elkj@fitjar.kommune.no, tlf. 99163901
Annonseinformasjon
- FINN-kode 461732701
- Sist endret
