ID 1057 Miljøterapeut - Eining for habilitering ved Gartnartunet, 100% vikariat
Fitjar Kommune Avd Gartnartunet Bofellesskap
- Frist 17.5.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Bli med og skap tryggleik, meistring og livskvalitet
Eining for habilitering yt tenester til menneske med nedsett funksjonsevne. Me har hovudkontor i Havnahuset bu og servicesenter. Eininga yt blant anna heildøgns omsorgsteneste i 3 bustadar og eit dagtilbod. Den ledige stillinga er på Gartnartunet. På Gartnartunet har me turnus med langvakter og arbeid kvar 4. helg. Arbeidet går ut på å vegleiie og bistå bebuarane i daglege gjeremål, aktivitetar og dagtilbod.
Me har mange flotte medarbeidarar i eininga, og søkjer no etter ny miljøterapeut som kan jobba sjølvstendig og i team, har arbeidsglede, likar utfordringar og har evne til å vera løysingsorientert. Du har interesse for habilitering og miljøarbeid, har godt humør og evne til å motivera og engasjera. Du er positiv, initiativrik, og likar å vera aktiv . Personlege eigenskapar vil bli vektlagt ved tilsetting. Erfaring frå arbeid med personar med utviklingshemming er ynskjeleg. Vikariatet er ledig fra 1.9.26 -- 9.3.27.
Me treng deg som:
-
Er fagleg sterk
-
Er strukturert og pliktoppfyllande
-
Likar å ta ansvar og føl dette opp
-
Er stabil og påliteleg
-
God på å skape relasjonar, både med brukarar, pårørande og kollegaer
-
Gi omsorg, skapa tryggleik og livskvalitet
-
Likar å legge til rette for aktivitet, trivsel og meistring
-
Yt tenester av god kvalitet etter gjeldande lovverk
-
Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
-
Har gode samarbeidsevne
-
Har evne til å ta imot og gje kollegaveiledning
Kvalifikasjonskrav:
-
Vernepleier eller anna relevant utdanning bachelor nivå, menn blir oppfordra til å søke.
-
Førarkort klasse B, manuell gir
-
God norsk framstillingsevne både munnleg og skriftleg, og gode grunnleggande datakunnskapar
-
Ved tilsetjing vert det stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato.
Me kan tilby:
-
Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
-
Godt arbeidsmiljø
-
Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
-
Offentlig tenestepensjon i KLP - Kort fortalt
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Kontaktpersonar: Ane Huus Edvardsen mobil: 40 49 39 71
Annonseinformasjon
- FINN-kode 461657113
- Sist endret

