Pedagogisk leiar
Klepp kommune, Borsheim barnehage
- Frist 13.5.2026
- Ansettelsesform Vikariat
I Borsheim barnehage har me ledig 80-100 % vikariat som pedagogisk leiar frå 17.08.2026 til 31.12.2026 - med moglegheit for forlenging.
Borsheim barnehage har 4 avdelingar og ligg midt i det beste Klepp kommune har å by på. Her er det kort veg til sjø og strand, skog og vatn og eit rikt dyreliv. Den unike beliggenheten nyttar me som ein naturleg plass for leik, læring og utvikling.
Me har eit godt fagleg miljø med fokus på vidare utvikling. Gjennom barnehagebasert kompetanseutvikling sikrar me at me er ein lærande organisasjon og at heile personalgruppa deltek i felles utviklingsprosessar. Mer er sertifisert Marte Meo barnehage og har fleire Marte Meo praktikarar og ei som er Marte Meo terapeut i barnehagen. Marte Meo er ein utviklingsstøttande metodikk som blir brukt i rettleiing av personale for å auka relasjonskompetansen og kvaliteten på samspelet med barna.
Me har eit stort fokus på trygt og inkluderande barnehagemiljø med autoritative vaksne. Tidleg innsats med Kleppmodellen som verktøy, ASK og eit godt språkmiljø, livsglede og psykisk helsefremmande leikemiljø er noko av det me arbeider med i Borsheim barnehage.
Me er no på jakt etter deg som kan bidra til at barna i Borsheim barnehage får ein trygg, utforskande og innhaldsrik kvardag.
Intervjuprosessen vil foregå fortløpande.
Arbeidsoppgåver
- Leia planlegginga av det pedagogiske arbeidet i tråd med gjeldande lovverk og planar
- Medverka til at barnehagens innheld og verksemd held ein høg fagleg kvalitet
- Bidra til eit godt samarbeid i personalgruppa, med føresete og andre innstansar
- Delta aktivt i leik med barna både inne og ute
- Ansvar for planlegging, dokumentasjon og vurderingsom bidreg til eit trygt og inkluderande miljø for alle barn og tilsette.
- Vera ein del av barnehagens leiarteam
Kvalifikasjonar
- Godkjent utdanning som barnehagelærar
- Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnelg
- Gode digitale ferdigheiter
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
- Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen.
- Politiattest av nyare dato må leggast fram før oppstart
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner, både internt og eksternt, og kunne bidra positivt i arbeidsfelleskapet
- Evne til å arbeide sjølvstendig og ta initiativ til oppgåver som må gjennomførast
- Gode kommunikajsonsevner og framstår klar og tydeleg
- Likar å vera i lag med barn og evnar å omsetja teori ut i praksis
- Trivs i ein variert og travel kvardag
- Fleksibel og løysningsorientert
Vi tilbyr
- Spanande pedagogiske utfordringar
- Ein variert og innhaldsrik kvardag
- Stabilt personale og godt arbeidsmiljø med mykje latter og glede
- Fadderordning
- Klesgodtgjørelse
- Lønn etter gjeldande avtaleverk og pensjonsordningar i KLP
- Klepp kommune har diverse velferdsordningar og gode pensjons og forsikringsordnignar. Tilsetjing skjer på dei vilkå og med dei plikter som kjem fram i utlysninga, og til dei einkvar tid gjeldande lovar, reglar og tariffavtalar.
Kontaktinformasjon
Karen Norstein Danielsen, Styrar, +47 40488031Arbeidsstad
Nordsjøvegen 2304352 Kleppe
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Klepp kommuneReferansenr.: 5120742776
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 13.05.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 461633049
- Sist endret



