Avdelingsleiar open omsorg - mellombels stilling
Tysnes kommune
- Frist 17.5.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Tysnes kommune søker ein engasjert og fagleg trygg avdelingsleiar til open omsorg. Dette ei mellombels stilling i 100% med oppstart snarast og med varigheit til 30.04.2027. Som avdelingsleiar får du ei sentral rolle i å utvikle og sikre gode, trygge og heilskaplege tenester til heimebuande innbyggarar i alle aldrar.
I stillinga vil du samarbeide tett med einingsleiar, kreftkoordinator og øvrige kollegaer i tenesta. Du får personalansvar i avdelinga. Stillinga inneber òg ansvar for brukaroppfølging, ressursplanlegging, rettleiing, fagutvikling og kontinuerleg forbetringsarbeid.
Heimetenestene er samlokalisert med Tysnes omsorgssenter, noko som legg til rette for tett samarbeid på tvers av einingar. Du vil vere ein viktig bidragsytar i samhandlinga med tenestemottakarar, pårørande, legetenesta og andre interne og eksterne samarbeidspartnarar – alt for å sikre at innbyggjarane får dei tenestene dei treng, når dei treng dei.
Dette er ei stilling for deg som ønsker å påverke, utvikle og bidra til eit fagleg sterkt og framtidsretta miljø i open omsorg.
Arbeidsoppgåver- Personal- , fag og administrativt ansvar.
- Rettleie og informere brukarar/pårørande/kollegaer/studentar, praktisk og teoretisk.
- Fremja arbeid med forbetring, kvalitet og pasienttryggleik.
- Utarbeide, oppdatere og implementere prosedyrer.
- Sjukepleiefaglege oppgåver, heilskapleg pleie, omsorg og behandling.
- Bidra til eit godt samarbeid og arbeidsmiljø, internt og eksternt. Bidra i strategi- og målsettingsarbeid.
- Ansvar for dagleg drift, turnus og tilrettelegging av tenesta
- Fokus på tenesteutvikling, kompetanseheving, kvalitet, HMT og kontinuerleg forbetringsarbeid
- Samarbeide tverrfagleg på tvers av tenesteområde og med spesialisthelsetenesta
- Samarbeide med tenestemottakar, pårørande og verge
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Gode kommunikasjonsevner, skriftleg og munnleg på norsk
- God IKT-kompetanse
- Førarkort kl. B, og kunne disponere eigen bil
Det er ønskeleg med:
- Erfaring frå og interesse for arbeid i open omsorg og heimetenester
- Leiarerfaring og/eller -kompetanse
- Kunnskap om turnusplanlegging
- Kjennskap til sentrale kommunale lover som td. forvaltningslova og offentleglova
Ved ei eventuell tilsetjing må du legga fram:
- Politiattest, jf. helse- og omsorgstenestelova § 5-4.
- Eigenerklæringsskjema for MRSA og tuberkulose.
Me ser etter deg som:
- Er fagleg trygg, med gode haldningar og verdiar som viser igjen i arbeidet
- Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø
- Trivast med bredde og utfordringar i arbeidsoppgåvene
- Er løysingsorientert og fleksibel i ein variert og travel kvardag
- Tek initiativ og har god arbeidskapasitet og gjennomføringsevne
- Er stabil, trygg og opptatt av pasientane sine behov
Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.
Kvifor skal du jobba hos oss?Blir du motivert av å jobbe på ein arbeidsplass der me saman skal gje gode helsetilbod og verdige rammer for våre brukarar? Då trur me du vil trivast hos oss. Her får du jobbe tett saman med dyktige og engasjerte kollegaer som støttar kvarandre og løftar i lag. Samarbeidet på tvers i eininga er godt, og du blir ein del av ei leiargruppe som er oppteken av å spele kvarandre gode, med mål om å yte gode tenester.
Stillinga er plassert i kapittel 3, med lønn etter avtale. Stillinga er unormert, og avtaledagar blir gitt forholdsmessig for perioden vikariatet varer. Tilsetting hos oss gir medlemskap i KLP – Kommunal Landspensjonskasse. Det betyr at du får ei av dei tryggaste pensjonsordningane i Noreg, med gode forsikringsordningar og dessutan moglegheit for gunstige lån.
I Tysnes kan du få inntil kr 25 000 i årleg avskriving av studielånet ditt frå og med 2026.
Som arbeidstakar og busett i ein distriktskommune kan du ha rett til å få sletta delar av studielånet gjennom Lånekassen si nye ordning for distriktskommunar.
Synest du dette verkar som ei spennande stilling, eller det er noko du lurer på etter å ha lest annonsen? Ta gjerne kontakt med oss som står oppført som kontaktpersoner.
Informasjon til søkarSøkar har sjølv ansvar for å laste opp alle relevante vedlegg innan søknadsfristen. For at søknaden skal bli vurdert, må du legge ved dokumentasjon på utdanning og arbeidserfaring, som vitnemål og tenestebevis/arbeidsattestar. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må du laste opp attesterte omsettingar.
Ønske om unntak frå den offentlege søkarlista blir vurdert etter reglane i offentleglova. Søkarar som ber om slikt unntak, blir varsla dersom ønsket ikkje kan takast til følge.
Tysnes kommune ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke ledige stillingar uavhengig av kjønn, alder, funksjonsnedsetting eller fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Me ønsker å legge til rette for ei inkluderande rekruttering.
Annonseinformasjon
- FINN-kode 461534459
- Sist endret

