Nattevakt 50% fast - Sjukepleiar
Avdeling for institusjonstenester, Nissedal kommune
- Frist 8.5.2026
- Ansettelsesform Fast
Nattevaktene våre er ein fin gjeng - og no har me plass til fleire! Me søkjer deg som ynskjer å jobe natt i heimetenesta og på omsorgssenteret.
Me har ledig ei 50% stilling med arbeid kvar tredje helg. Nattevaktene er på 10 og 11 timar, noko som gjer deg friperiodar der du kan jobbe dag eller kveld i andre avdelingar dersom du ynskjer det. Du vil inngå i det øvrige nattevaktsteamet på Nissedal omsorgssenter, slik at de totalt er tre nattevakter på jobb kvar natt. Eininga har årsturnus, og du er med på å utforme din eigen turnus etter dine behov.
Hjå oss får du ein meiningsfull jobb i eit godt arbeidsmiljø, med fleksibilitet og høve til å påverke din eigen kvardag
Arbeidsoppgåver
- Gje helse- og omsorgstenestar til heimebuande og bebuarar på omsorgssenteret
- Tverrfagleg samarbeid med andre instansar som til dømes tenestekontoret og spesialisthelsetenesta, for å syte for fagleg forsvarlege tenestar
- Systematisk oppfølging av brukarar
Kvalifikasjonar
- Autorisert sjukepleiar
- Ønskjeleg med erfaring/vidareutdanning innan demensomsorg, men dette er ikkje eit krav
- God munnleg og skritleg kommunikasjonsevne
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
Vi søkjer deg som er:
- Positiv og samarbeidsvillig, og behandlar brukarar, pårørande og kollegaer med respekt
- Fleksibel og løysingsorientert
- Jobbar sjølvstendig og taklar utfordrande situasjonar, samstundes som du har gode samarbeidsevner
- Nytenkande og medansvarleg for å utvikle og bevare gode tenestar, samt eit godt arbeidsmiljø
- Engasjert og trivst med varierte arbeidsoppgåver
- Stabil og har høg arbeidsmoral
Personleg egnahet vil vektleggjast
Vi tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø
- Varierte arbeidsoppgåver
- Moglegheit for kompetansehevande tiltak gjennom vidareutdanning og intern kompetanseheving
- Me har studieordningar for studentar, dersom ein er villig til å inngå avtale om 2 års binding etter endt utdanning
- Nissedal kommune tilbyr 10 års ansiennitet ved tilsetting av høgskulepersonell
- Eige tillegg for nattevaktene, som per i dag er kr. 25 000,- pr. 100% stilling
- Tilsetjingsvilkår etter gjeldande lov, tariffavtale og kommunen sitt reglement
Kontaktinformasjon
Eline Metveit, Avdelingsleiar for institusjonstenesterArbeidsstad
Sollivegen 23855 Treungen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Nissedal kommuneReferansenr.: 5118413229
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.05.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 461530768
- Sist endret
