Ledige stillingar for fagarbeidarar og assistentar i skule og SFO
Oppvekst og kulturetaten
- Frist 10.5.2026
- Ansettelsesform Fast
Ulstein kommune har til hausten fire grunnskular. Her kan du lese om skulane.
Frå skuleåret 2026/2027 forventar vi at det kan bli ledige stillingar som fagarbeidar/assistent i kommunen sine skular og SFO-tilbod. Stillingane kan vere både faste og mellombelse, og omfanget vil vere avhengig av mellom anna permisjonar, interne overføringar og tildelte ressursar. Det må takast atterhald om endringar i stillingsbehovet.
Vi arbeider for kjønnsmessig balanse i personalgruppa, og oppmodar difor menn om å søkje på stillingane.
Arbeidsoppgåver
- Hjelpe enkeltelevar og elevgrupper i skulekvardagen, både fagleg og sosialt, i undervisningssituasjonar, friminutt og på SFO
- Vere aktivt saman med elevane, og kunne organisere og sette i gong leik og aktivitetar med elevgrupper
- Bidra til å skape eit trygt og inkluderande fellesskap for elevane
- Samarbeide med føresette
- Samarbeide tett med lærarar, fagarbeidarar og leiinga ved skulen
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar
- Erfaring frå arbeid i skulen eller anna arbeid med barn og unge
- Søkjarar utan fagbrev med relevant praksis kan bli vurdert
Personlege eigenskapar
- Du har eit positivt barnesyn og eit blikk for barnet sine gode sider og styrker
- Du evnar å etablere gode relasjonar til barn/ungdom og er ein tydeleg vaksen
- Du er trygg, omsorgsfull og har godt humør
- Du har gode samarbeidsevner og kommuniserer godt med elevar, føresette, kollegaer og leiing
- Du er strukturert, fleksibel og løysingsorientert
- Du har høg arbeidskapasitet og bidreg aktivt til et godt arbeidsmiljø
Personlege eigenskapar vert lagt stor vekt på.
Vi tilbyr
- Dyktige kollegaer og godt arbeidsmiljø
- Varierande og spennande arbeidsoppgåver
- Tilsetting på vanlege kommunale vilkår
Den som vert tilsett må legge fram politiattest av nyare dato.
Kontaktinformasjon
Karen Strand, Kommunalsjef, +47 99412490Arbeidsstad
Sjøgata 636065 Ulsteinvik
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Oppvekst og kulturetatenReferansenr.: 5117707132
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.05.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 461527139
- Sist endret

